Omtale fra forlaget
Kva betyr det å koma frå ein stad? Kva inneber det å kjenna seg heime? Og kva erfaringar finst å henta der ein ikkje kjenner seg igjen? Gjennom åtte lesingar nærmar Ingrid Z. Aanestad seg den litterære skrifta både som form og som verktøy for erkjenning. Dei ulike lesingane kastar lys over kvarandre - frå Arne Garborgs "Kolbotnbrev" via Nina Bouraoui, Stina Aronson, Eva Jensen, Mirja Unge, Cora Sandel og Virginia Woolf til Jun'ichiro Tanizakis "Hyllest til halvmørket". Aanestad går på jakt etter skrivne, skapte heimar samstundes som ho sjølv er på flyttefot og prøver å finna seg til rette i eit sekstitalshus ved skogkanten.
"Heim" er ei bok om romma og landskapa som formar livet, om klaustrofobi og fridom, venleik og kriser - og om å leva tett inntil litteraturen.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2022
Format Innbundet
ISBN13 9788249524921
EAN 9788249524921
Språk Nynorsk
Sider 138
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket