Omtale fra forlaget
Det var tidleg på morgonen den 17. mai, nøyaktig 186 år etter at ein ung, bakfull diktar hadde oppildna ei menneskemengd beståande av kring fem tusen tilhøyrarar med sine sterkt bevinga ord om den medborgarlege samkjensla, under avdukinga av minnestøtta for stortingsmannen Christian Krohg. Minnestøtta sto framleis, men den medborgarlege samkjensla strevde under tunge kår. Det gryr til nasjonaldagsfeiring i bygda. Flagg vert heist, skjorter stroke. Syrinar er på nippet til å blomstre, og himmelen i ferd med å bli blå som ein undulat. Ut av husa stig folk, og alle skal dei feire. Éin er komen tilbake til heimbygda for å halde tale for dagen, ei har stålsett seg for pliktene som følgjer med vervet som leiar for 17. mai-komiteen. Ei skal snart reise langt vekk, ein annan forsøker å finne att ein plass han aldri eigentleg har høyrt til. Gratulerer med dagen er ei forteljing om nasjonalkjensle og mangel på slikt noko, og om ynsket om å høyre til – ein eller annan stad.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2022
Format Lydfil
ISBN13 9788205577893
EAN 9788205577893
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket17 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket