Flukta til Finnmark

1800-talet

av (forfatter).

Samlaget 2021 E-bok

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (1 terningkast.)

4 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien KRISETID fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp.

I siste halvdel av 1800-talet blei Finland ramma av ei rekke uår som fekk tusenvis av menneske til å forlate landet. Mange av desse, som blei kalla kvener då dei slo seg ned i nord, enda opp i Troms og Finnmark. Ein av dei var tippoldefar til forfattaren, Isak Martimo Gaski. Etter at far til Isak kom ut for ei alvorleg arbeidsulykke, blei Isak overlaten til framandfolk. Åtte år gammal blei han sett bort til ein samisk familie i Tana-området, til ein heim og ein kultur som var heilt ukjent for han.

Kathrine Nedrejord tar for seg innvandringa frå Finland til Noreg, og skjebnen finnane møtte då dei kom hit. Korleis gjekk det med dei? Og korleis blei det nye landet prega av nykomlingane? Nedrejord fortel historia om korleis eit barn som opplevde store tap, likevel klarte seg. Isak Martimo Gaski vart ein del av det samiske samfunnet i Tana, fekk barn og familie og blei godt integrert, sjølv om bakgrunnen også prega livet hans. Innvandringa frå Finland fekk store konsekvensar politisk: Ho var startskotet for fornorskingspolitikken, som har prega både den kvenske minoriteten og det samiske folket gjennom heile det førre hundreåret og fram til i dag.

Historia til innvandrarane frå Finland har vore ukjent blant folk flest i Noreg.

Kathrine Nedrejord (f. 1987) er ein samisk forfattar og dramatikar, med oppvekst i Finnmark og i Vestfold. Nedrejord bur i Paris og har gitt ut tre romanar, tre ungdomsbøker og ei barnebok. Ho blei nominert til Ibsenprisen for dramatikerdebuten Brent jord (2015), og for romanen Forvandlinga (2018) fekk ho Havmannprisen. Nedrejord har vore husdramatikar på Nationaltheatret og på Dramatikkens hus.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2021

Format E-bok

ISBN13 9788234006388

EAN 9788234006388

Serie Krisetid

Omtalt tid 1800-tallet

Språk Nynorsk

Sider 92

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 0 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

4 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket

Lister som inneholder dette verket

Har kommet så langt at jeg trenger en ny liste.


Godt sagt! (0) Varsle Svar