Duma Key

A Novel

av (forfatter).

Pocket 2008 Paperback

Gjennomsnittlig terningkast: 4.50 (16 terningkast.)

32 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Se på denne utgaven hos amazon.com Kjøp boka hos ark.no

Bokdetaljer

Forlag Pocket

Utgivelsesår 2008

Format Paperback

ISBN13 9781416552963

Språk Engelsk

Sider 800

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 8 8 0 0 0

Bokomtaler

Denne vesle mursteinen handler om Edgar Freemantle frå Minnesota. Gift med Pam gjennom tjuefem år og far til to døtre. Når han ikkje er ein kjærleg familiemann, er Edgar eigar av og sjef i eit entrepenørfirma. Ein dag skjer det ei forferdeleg ulukke på ein byggjeplass, og når Edgar våkner opp på sjukehuset er den høgre armen hans amputert ved aksla, han har ei øydelagt hofte og store hovudskader. Etterkvart som han kvikner til får Edgar flytte heim, men depresjonar, frustrasjonar og fantomsmerter fører til at han endrer personligheit og blir hissig og oppfarande. Etter eit raserianfall der han fysisk går til angrep på kona Pam, forlanger ho skilsmisse. Edgars psykiater spør om han har nokre hobbyar han kan ta opp for å få tankane inn i andre spor, og Edgar husker at han tegna ein del tidlegare. Han foreslår at Edgar flytter bort frå Minnesota, og etter å ha vurdert dette, fører det han til ei lita ferieøy på vestkysten av Florida, Duma Key. Her oppdager han at han ikkje berre kan tegne, menog (i langt større grad) male dei utruligaste komposisjonar på loftet i det vesle feriehuset han kaller Big Pink.

Her treffer han snart dei einaste fastbuande på øya, den eldre kvinna som eiger mesteparten av den, Elizabeth Eastlake, og ein mann som fungerer som vaktmester, pleiar og venn, Jerome Wireman.

Etterkvart som motiva i maleria til Edgar blir meir og meir urovekkande, begynner det å skje undelege ting på øya, og lesaren får og innsyn i hendelsar frå Elizabeth sin barndom, der systrene hennar forsvant utan eit spor. Alt dette heng sjølvsagt saman, og oppgjeret med fortid, notid og framtid blir stadig meir dominerande over horisonten, som ein tropisk storm.

Det må vera fleire enn meg som stussa over etternavnet til protagonisten; Freemantle. Verkeleg, herr King? Eg leita lenge etter ein samanheng med Mother Abigail Freemantle frå The Stand (også av Stephen King) utan å finne noko openbar kobling. På grunn av dette såg eg Edgar som ein afrikansk-amerikansk mann gjennom store deler av boka, til tross for at dei få beskrivelsane av han tyder meir på at han ikkje er det. Eit forvirrande grep som eg på den eine sida tviler litt på er heilt tilfeldig valgt, men som eg på den andre sida ikkje ser samanhengen i.
Bonus: Big Pink? King er kjent for å vera ein musikkelskar, men eg trudde ikkje at The Band var heilt hans sjanger!

Ein annan ting som etterkvart begynte å plage meg var dei stadige frampeika ("it was the last time I saw him/her alive"). Dei legg ein effektiv dempar på fleire situasjonar som kunne vore svært overraskande og følelsesmessig engasjerande, men som i staden renner ut i sanden som lunka saft ingen vil ha. Wiremans spanske gloser blir og litt slitsomme undervegs.

Dei første to tredjedelene av Duma Key er noko av det beste eg har lese av Stephen King, karakterane blir meir og meir levande og tredimensjonelle for kvar ny side. Plottet heng som ei mørk sky over horisonten, og den kjem stadig nærare. Spesielt forholdet mellom Edgar og dottera Ilse er fint lagt opp, om enn kanskje litt overfladisk. Lesaren tviler uansett aldri på at dei er svært glade i kvarandre.

Den siste tredjedelen er dessverre ikkje på langt nær av same kaliber. Her faller King tungt ned på velprøvde standardformlar, og det er aldri nokon tvil om korleis ting kjem til å ende. Eg tok meg sjølv i å skumlese stadig oftare mot slutten, og det er slett ikkje noko godt tegn.

Alt i alt lander eg på ein svak firer. Hadde boka fordufta sporlaust like etter eg leste om kunstutstillinga, hadde eg nok hevda at dette var ein sterk kandidat til ein sekser. Om eg hadde starta å lese på same staden hadde karakteren blitt to. Eg syns likevel at eg kan anbefale Duma Key, Stephen King-fans får stort sett det dei forventer og nye lesarar vil nok bli positivt overraska over dei detaljerte karakterane og forholda dei i mellom.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Talent is a wonderful thing, but it won't carry a quitter.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

We fool ourselves so much we could do it for a living.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

My accident really taught me just one thing: the only way to go on is to go on. To say 'I can do this' even when you know you can't.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

...God always punishes us for what we can't imagine.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

All the rest is only life.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Av og til hender det at jeg stikker innom youtube for å få boktips. Da kommer jeg over noen gode boktrailere (en fantastisk oppfinnelse!) Noen av disse bøkene har jeg allerde bestilt og lest mens andre er på ventelista. Noen boktrailere er så gode at bøkene frister, i hvert fall meg!:)


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Desperation" av Stephen King
  • "The eyes of the dragon" av Stephen King
  • "Just after sunset - collection of stories" av Stephen King
  • "The Colorado Kid (Hard Case Crime)" av Stephen King
  • "The Regulators" av Richard Bachman
  • "Danse macabre" av Stephen King
  • "Gerald's Game" av Stephen King
  • "The Bachman Books - Rage, the Long Walk, Roadwork, the Running Man" av Stephen King
  • "Skeleton crew" av Stephen King
  • "Misery" av Stephen King
  • "Shawshank Redemption" av Stephen King
  • "The Girl Who Loved Tom Gordon" av Stephen King
Alle bokanbefalinger for dette verket