Omtale fra forlaget
Mora hadde fire barn, no har ho tre. Den nest eldste sonen har tatt livet sitt, berre nitten år gamal. Livet for familien i romanen er blitt eit uroleg hav med ufattelege djup og mørker, som truar med å trekke mora under. Men minsteguten hennar er berre fire år. Med han på ryggen, på reise med familien i Noreg og utlandet, må ho finne ut korleis ho skal halde seg flytande. Han treng ho. For han og dei andre barna, må ho redde seg sjølv. Romanen er eit brev til den døde sonen.
«Går det an å skrive roman om ein son som har teke sitt eige liv? Etter å ha lese Djuphavsslettene av Hilde Kvalvaag vil eg svare klart ja.» «Djuphavsslettene er ei djupt menneskeleg og djupt gripande historie om kva katastrofar kan gjere med eit menneske.» Marta Norheim, NRK
«...begynner ein på boka, må ein bli gripen av intensiteten i den sorga og kjærleiken som held teksten oppe, og som det er ei litterær bedrift å halda ved like over nesten 400 sider.» [Terningkast 5] Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
«Dette er den verste og beste romanen eg har lest på lang tid. Verst på grunn av det hjerteskjærende innholdet, best på grunn av språket og at ho klarar å setja ord på tankar og følelsar, der andre slit med å uttrykke seg.» [Terningkast 5] Kjell Magne Gjøsæter, bokblogger
Forlag Vigmostad Bjørke
Utgivelsesår 2021
Format Lydfil
ISBN13 9788241954825
EAN 9788241954825
Genre Biografisk litteratur
Omtalt person Hilde K. Kvalvaag
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Dette er den sterkeste boka eg har lest på lange tider. Forfattar klarar å sette ord på følelser og tanker, der andre kan slite med det samme, når ein er oppe i ein slik hjerteskjærende situasjon.
Språket er fantastisk, og skiljet mellom kva som er roman og kva som er virkelighet er visket vekk.
Forfattar skriv ærlig om sorgen, om møte med kjente på gata, om familien som sørger på kvar sin måte, og ho legg ingenting imellom.
Denne boka anbefaler eg på det varmeste. Ei fantastisk bok, med eit hjerteskjærende innhold.
Les heile bokanmeldelsen min her.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket27 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket