Omtale fra forlaget
Diktaren Nordahl Griegs liv er på same tid eventyrleg, og hektisk. Historia startar i Bergen i 1902, går om Kapp det gode håp, Alta, Oxford, Shanghai, Paris og Reykjavik, så Moskva og Madrid, og endar i eit fly over Berlin i 1943. Han var forfattar og reporter, ein verdsborgar og ein patriot, som valde å kjempa for sovjetkommunismen og mot fascismen. Grieg er opphavsmann til nokre av dei viktigaste dikta i nyare norsk historie. Eitt lese på radioen den 17. mai 1940, då Norge var kutta i to. Andre slept som flygeblad frå London. Samlingar løynde i botnen av eplekasser. Utvalde vers som nordmenn sette om til tysk, og blei dømt til døden for.
Forlag Cappelen Damm
Utgivelsesår 2018
Format Lydfil
ISBN13 9788202596095
EAN 9788202596095
Omtalt person Nordahl Grieg
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketPlakatane som gjorde kongressen kjent rundtom i dei spanske, og enno republikansk-dominerte byane, var også tvetydige. Don Quijote, riddaren av den bedrøvelege skikkelsen, var symbolet for forfattarane. Riddaren som storma mot innbilte motstandarar, mot vindmøller som var dei dragar? Grieg undra seg først. Men for spanjolane var visst ingenting meir ærefullt: Don Quijote var den som kjempa fryktlaust og uforsonleg mot uretten, skreiv han i boka Spansk sommer.
15 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket**
**