Omtale fra forlaget
Olav H. Hauge (1908-1994) debuterte i 1946 og blir rekna som ein av våre fremste lyrikarar frå etterkrigstida.
Titlane på dei sju diktsamlingane han gav ut er reine dikt i seg sjølve: Glør i oska, Under bergfallet, Seint rodnar skog i djuvet, På ørnetuva, Dropar i austavind, Spør vinden og Janglestrå. Han gav også ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk, og er sjølv blitt omsett til fleire språk.
I denne samleutgåva finn du alle dikta hans, både dei lange balladane, dei vakre sonettane og dei korthogne haiku- og tingdikta.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2016
Format E-bok
ISBN13 9788252185829
EAN 9788252185829
Språk Nynorsk
Sider 319
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Melsomprisen 1973
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
En fantastisk samling, fra en av våre ypperste lyrikere. Noen av dialektordene kan være ganske kinkige, det er bare å slå opp på nettet dersom du står helt fast.
TÅRE, DU TARV IKKJE FALLA
Det var lite for deg
men mykje for meg:
Eit smil da det galdt
og eit handtrykk var alt.
Tåre,
du tarv ikkje falla,
eg veit du er salt.
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjerta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgenstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H. Hauge
Dei store stormane
har du attum deg.
Då spurde du ikkje
kvi du var til,
kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk,
du berre var i stormen,
var i elden.
Men det gjeng an å leva
i kvardagen òg,
den grå stille dagen,
setja potetor, raka lauv
og bera ris,
det er so mangt å tenkja på her i verdi
eit manneliv strekk ikkje til.
Etter strævet kan du steikja flesk
og lesa kinesiske vers.
Gamle Laertes skar klunger
og grov um fiketrei,
og let heltane slåst ved Troja.
Olav H. Hauge
Til heimsens store
lidingsbål
du ber din ved
og slær ditt stål.
Den minste som
den største sjel
er gneistar i
det store spel.
Og blinde, galne,
fant og herk
i fargebragdi
gjer sitt verk.
Og bålet glør
di ånd, ditt hold
med krek og kryp
til slagg og mold.
Rettferdiggjort
av gru, av mengd,
av leik og villskap,
rom og trengd,
det leikar seg
i storm og blund,
og lèt deg ha
ei sigerstund -
då hug, då draum
med lengt og tru
slær bogar i
ei hildrebru -
då Gud og æve,
viljen fri
er lutlag du
har partar i.
Men det er dogg
og blenk som kverv.
Og du har att
å ta din skjerv.
(fra Under bergfallet)
Her er romsleg, du fekk
tøygja toppen og slå kruna
vidt ut.
Men du stend åleine.
Når stormane kjem, har du
ingen å stø deg til.
Olav H. Hauge
541 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketVar på ferie i Finnmark og var innom sjølvaste bokmekkaet Karasjok. Eg snubla innom ein loppemarknad som ikkje såg ut som ein loppemarknad. Tannlegen i bygda hadde gått i grava og bøkene til loppane. Tilsynelatande ein mann med kjærleik til litteraturen. Til mi store overrasking fant eg og kjøpte følgjande lektyre:
Olav. H Hauge - Dikt i samling
Arne Garborg - Fred (illustrert utgåve)
Göran Tunström - Skimmer
Louis Ferdinand Celine - Reisen til Nattens ende
Olav Duun - Mennesket og Maktene
Günter Grass - Blikktrommen
Kjartan Fløgstad - Fyr og Flamme
Tarjei Vesaas - Is-slottet
Haruki Murakami - Norwegian Wood
Gabriel García Marquez - Berretningen om et varslet mord
Ivar Lo-Johansson - Godnatt, Jord
Ivar Lo-Johansson - Kungsgatan
Frode Grytten - Popsongar
Frode Grytten - Bikubesesong
Alexander Solsjenitsyn - En dag i Ivan Denisovitsj' liv
August Strindberg - Eit draumspel
Raymond Chandler - Den lange søvnen
Leo Tolstoj - Anna Karenina I og II
Serge Lentz - Vladimir Rubajen eller i fantasiens grenseland
Maksim Gorkij - Barndom
Kjell Askildsen - Thomas F's siste nedtegnelser til almenheten(illustrert utgåve. Illustrasjoner av Håkon Bleken)
Kjell Askildsen - Kulisser
Det absurde: for alt dette gav eg 100 kroner!! Alt var i hardperm. Nokon hadde eg frå før, men synst det er finare å ha hardperm enn pocket. Nokon var i tillegg frå bokklubbens serie Bokklubbens mestermøter, kor kunstnarar illusterer kjente verk.
Flaks i Finnmark.
Kom over denne lista fra 2007 på Dagbladet. En fagjury har valgt 25 norske bøker de mener vi må lese, gamle og nye.
Noen av diktsamlingene på lista mangler, og da har jeg lagt inn en annen bok og skrevet navnet på den opprinnelige ved siden av den.
Opp gjennom årene har flere norske litterære kanoner blitt utarbeidet. En av nyere dato ble presentert på Norsk Litteraturfestival i 2007. Bøkene vil bi satt opp i synkende rekkefølge.
Lista kan for øvrig òg finnes her.
Juryen besto av:
Liv Bliksrud (professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo), Inger Bråtveit (forfattar), Ane Farsethås (bokmeldar i Dagens Næringsliv), Ragnar Hovland (forfattar), Jan Kjærstad (forfattar), Janike Kampevold Larsen (juryleiar, litteraturvitar), Audun Lindholm (redaktør i Gasspedal og Vagant), Marta Norheim (bokmeldar i NRK), Eirik Vassenden (kritikar, post.dok.stipendiat ved Universitetet i Bergen), Henning Howlid Wærp (professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Tromsø).
Omtale fra ABC Nyheter-artikkelen:
Det som overraska mest med verka som juryen hadde vald ut, var diktsamlinga Solaris korrigert av Øyvind Rimbereid, som kom ut i 2004. Andre uventa verk var Fridtjof Nansens reiseskildring «På ski over Grønland».
Ei liste på 25 verk som blei presentert i dag under litteraturfestivalen på Lillehammer. Juryen hadde sitt første møte 18. desember 2006.
Omtale fra Wikipedia:
Norsk Litteraturfestival presenterte i 2007 en liste på 25 verk, utarbeidet av en jury med ti personer, ledet av Janike Kampevold Larsen. Av de 25 verkene er det – i forhold til andre lister – mange diktsamlinger, seks eller åtte, alt etter hvordan man regner.
Jeg elsker poesi. Et godt dikt kan si mer enn en hel roman. Det er mange flinke forfattere som skriver poesi. Her kommer noen av de norske forfatterene jeg liker best : )
Olav H. Hauge
Andrè Bjerke
Hans Børli
Rolf Jacobsen
Arne Garborg
Jens Bjørneboe