Dikt i samling

av (forfatter).

Samlaget 2016 E-bok

Gjennomsnittlig terningkast: 5.15 (13 terningkast.)

53 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Då Tor Jonsson (f. 1916) knapt 35 år gammal tok sitt eige liv i 1951, var han rekna som ein av våre mest markante diktarar. I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd og eld mot kulde. Han vart ein "klassikar" i levande live. Seinare har diktinga hans stadig vorte meir populær. Fleire av dikta er også vorte velkjende ved at tone- og visekunstnarar har sett melodi til dei. Denn utgåva inneheld etterordet som Tore Ørjasæter skreiv til førsteutgåva av Tor Jonssons Dikt i samling (1956) og eit minnedikt frå venen Jan-Magnus Bruheim.

Dei voldsomme spenningane i dikt og artiklar, er hos Tor Jonsson (1916-1951) knytte til hans dramatiske og tragiske liv. I dikta står livslyst mot dødslengt, medan han som journalist sto fram som ein sosialt engasjert skribent med kvasse åtak på urett og undertrykking, og ofte med brodd mot idyllisering av bygdesamfunnet.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2016

Format E-bok

ISBN13 9788252192773

EAN 9788252192773

Serie Samlaget lyrikk

Språk Nynorsk

Sider 216

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

4 8 0 1 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Å dikte er å vera
det vesle som ein vart
og sleppe kvite fuglar ut
i nattesvart.

Å leva er å vera
det store som ein er
og stå i einsleg undring
og høyre fuglar flyge inn
frå ukjend verd.

Godt sagt! (14) Varsle Svar

Dette: å stå aleine
midt i ei verd så grenselaust rik,
er som å leva livet
i lag med sitt eige lik.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Kven skal eg takke
for det eg fekk sjå
sola gå under
og berga bli blå?
Kven skal eg takke
for all denne æra
i dette å gå her
og vera og vera -

Kven skal eg takke
for det eg fekk li
så gleda fekk grunn
å røte seg i?
Skogen har gøymt meg
og jord har eg femnt,
men kven eg skal takke
har ingen nemnt.

Det bleka mot blånar
i nattsvarte brunn,
men takken låg blodlaus
som bøn i min munn.
Kven er du, gjevar?
Kvi teier du still?
Di ordløyse fører
ein vantru vill.

Du namnlause gjevar,
eg får ikkje fred
før eg kan takke
for alt som laut skje –
Men kjem du kje nær meg,
så takkar eg henne
du gav meg for det eg
skal brenne og brenne -

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Kva hjelp det å syngje
som elv i det aude?
Kva hjelp det å kyngje
med klokker for daude?

Kva hjelp det å skapa
all venleik i verda,
når ordet lyt tapa
for svolten og sverda?

Slik undrast og spør vi
i modlause stunder.
Men hugse det bør vi:
Eit ord er eit under.

Dei gløymest dei gjæve,
og alt det dei gjorde.
Men livet er æve,
Og evig er Ordet.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Nærast er du når du er borte.
Noko blir borte når du er nær.
Dette kallar eg kjærleik –
Eg veit ikkje kva det er.

Før var kveldane fylte
av susing frå vind og foss.
No ligg ein bortgøymd tone
og dirrar imellom oss.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

53 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket

Lister som inneholder dette verket


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller - prosa i utval" av Tor Jonsson
  • "Essays" av Peter Wessel Zapffe
  • "Vårar seinare - dikt" av Anna Kleiva
  • "Et lykkelig øyeblikk - dikt i utvalg" av Tone Hødnebø
  • "Om den norske skrivemåten - eksempler og moteksempler til belysning av nyere norsk retorikk 1975-1980" av Georg Johannesen
  • "En prests dagbog" av Sigbjørn Obstfelder
  • "Samtaler med onkel Nica og tante Viola" av Pedro Carmona-Alvarez
  • "Det enkle og det einsame" av Asta Olivia Nordenhof
  • "Samlede dikt - bind I" av Arnulf Øverland
  • "Berre kjærleik og død - ein biografi om Tor Jonsson" av Ingar Sletten Kolloen
  • "Samlede dikt - 1911-1940 : bind 1" av Arnulf Øverland
  • "Dikt i samling" av Georg Johannesen
Alle bokanbefalinger for dette verket