Omtale fra forlaget
Dette diktverket overskrid dei tradisjonelle skilja mellom forfattar og person, offentleg og privat, men tek samstundes opp klassiske tema som sorg, kropp og begjær. Brutalt, direkte og med ein stor sans for poetisk timing skildrar Asta Olivia Nordenhof episodar frå kvardagen i notida og frå ein vanskeleg oppvekst. Med ein gjennomført tone vekslar ho mellom glede, humor, desperasjon, ømheit, råskap og indignasjon. Nordenhof gir stemme til dei i samfunnet som vanlegvis ikkje blir høyrde, og synleggjer maktstrukturar og handlingar i eit samfunn det er risikabelt å hamne utanfor.
Denne samlinga viser eit levd liv i komprimert form, som taler klart og insisterande til oss alle. Boka er gjendikta av Anna Kleiva.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2017
Format Heftet
ISBN13 9788252190175
EAN 9788252190175
Språk Nynorsk
Sider 54
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ble kjent med Asta gjennom en artikkel i Dagbladet. Ble interessert i hennes opprørske og uredde stil. Særlig hennes engasjement for de som faller utenfor samfunnet. Fungerer bra oversatt til norsk. En lyriker jeg vil følge framover.
"eg vil snakka om det portrettet som blir teikna av mennesker som ikkje arbeider
biletet som sakte blir mana fram, av den ikkjearbeidande som eit menneske utan moral"
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketdu er nøyen med sminka før vi skal på eit skulearrangement
gløym det
berre gløym det
der er ingen grunn til å vere vennleg mot dei uvennlege
gløym det
det er ingen som har rett til å krevje av deg at du er vennleg mot dei uvennlege
når ein er oppvaksen med vald og sex, den driten der, så skal ein sone heile tida
ein skal forsake djevelen og forsøke å bli god igjen
men det orkar eg ikkje. drive ut djevlar.
eg har betre ting å ta meg til enn å forsøke å bli fin
det interesserer meg ikkje lenger fordi
1) det er så utmattande og kjedeleg
2) det er umuleg