Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Bok fortel Rogalands historie, frå det første menneske gjekk i land på Rennesøy og fram til Svartedauen slo folket ned for fote. Med litteraturliste og register.
Omtale fra forlaget
"Den lengste historia" er fortellinga om korleis Rogaland vart vårt, frå det første mennesket gjekk i land på Rennesøy og fram til dei pestane me kallar Svartedauen slo folket ned for fote. I løpet av denne perioden, frå 10 000 før Kristus til midt på 1300-talet, hadde folket her søkt ly inne i Svarthola på Viste, bygt ein landsby på Forsandmoen, ført dronningar i haug både på Klepp og Gausel . og dei hadde . med Sigurd Jorsalfars hjelp . reist ein katedral inst i den vågen som hadde fått namnet Stafangr. Gjennom eit unikt samarbeid mellom Arkeologisk museum i Stavanger (AmS) og Stavanger Aftenblad har Tor Obrestad fortalt det forskarane i dag veit om vår eldste tid her i Norges sørvesthjørne mot verda som ei lang historie . den lengste historia. Han har fått tilgang til all.den nye viten som er samla dei siste 20-25 åra. Teiknaren Eva Gjerde har på meistarleg vis gjenskapt scenene frå det tidlegaste livet i det som blei rygenes fylke. I tillegg inneheld boka ei lang rekke korte, populærvitskaplege artiklar frå medarbeidarane ved AmS, som utdjupar og kastar lys over dei faktiske opplysningane i Obrestads tekst.
Forlag Wigestrand
Utgivelsesår 2004
Format Innbundet
ISBN13 9788291370880
EAN 9788291370880
Omtalt tid Eldre tid
Omtalt sted Rogaland
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 166
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket