Omtale fra forlaget
Ståle Dyrvik er ein av våre mest profilerte historikarar. I denne boka gir han ein kortfatta introduksjon til dei dramatiske hendingane i 1814 og ei nytolking av desse.
Historikarar er stort sett samde om at Noreg i 1814 oppnådde fridom og sjølvstende. Fridomen låg i ei for si tid svært demokratisk grunnlov. Sjølvstendet kom til uttrykk i at den nye unionen med Sverige berre var eit kongefellesskap. Men diskusjonane har gått høgt om andre sider ved dette året: Kven var dei sentrale aktørane i hendingane i 1814? Var omskiftet resultatet av ei langvarig indre utvikling, eller skuldast det dei utanrikspolitiske konjunkturane under napoleonskrigane? Og korleis kunne Noreg i eitt sprang byte ut einevelde med folkestyre, samtidig som det norske samfunnet synest så upåverka av den politiske omveltinga?
I denne boka nøstar Ståle Dyrvik opp både dei lange og dei korte trådane fram til 1814. Samstundes viser han korleis ulike historikarar har tolka 1814 tidlegare, og gjennom ei meir systemteoretisk tilnærming til problematikken opnar han for ei nytolking av 1814.
UTSYN>INNSIKT
er Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne. Bøkene tar for seg eit vidt spekter av forskingsfelt, frå sentrale tema i noregs- og verdshistoria til kulturhistoriske og fagteoretiske stillingar.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2014
Format E-bok
ISBN13 9788252186642
EAN 9788252186642
Serie Utsyn&innsikt
Omtalt tid 1800-tallet
Språk Nynorsk
Sider 127
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket16 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket