Å vera ingenting

samtaler med spelemannen Knut Hamre

av (forfatter).

Samlaget 2014 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 6.00 (1 terningkast.)

4 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Som liten gut kakka Knut Hamre på dørene til alle naboane i Granvin i Hardanger. Han stod utføre med felekassen i handa. Han berre måtte spela for seg sjølv og for andre. Sidan den gong har livet hans handla om å spela hardingfele og å læra dette vidare til nye generasjonar.

Knut Hamre (f. 1952) er rekna for å vera ein av dei fremste utøvarane på hardingfele i dag. Han er ein felepoet og ein felemeister. Benedicte Maurseth har i 23 år samanhengande vore Hamre sin elev og er i dag sjølv ein framifrå og velkjend felespelar. Når ho ser attende er det samtalane som har vore det viktigaste i opplæringa.

Dette er ei bok med samtalar om blant anna kunst, dikting, medkjensle og mystikk mellom meisterspelemannen Knut Hamre og hans elev, Benedicte Maurseth. Boka tek for seg kva det vil seie å føre vidare kunnskap og handverk gjennom generasjonar.

Med føreord av Jon Fosse.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2014

Format Innbundet

ISBN13 9788252183191

EAN 9788252183191

Omtalt person Knut Hamre

Språk Nynorsk

Sider 234

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 0 0 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Å meistra sann sjenerøsitet kan ta eit langt liv å læra. Det krev modning og eit sinn fritt for eit dominerande ego

Godt sagt! (6) Varsle Svar

2002 | Knut sit åleine i stova si seint om kvelden og spelar fele. Han likar det best slik. Når alt og alle roar seg og søv. Ute er himmelen klår, fjella er svarte, og fjorden ligg der still i sin blåe klang.
Knut sit og gløymer seg sjølv i ein slått, men vert brått avbroten av at telefonen ute i gangen ringjer. Knut sluttar å spela med det same og tenkjer at kanskje er det noko gale, i og med at nokon ringjer så seint? Knut tek opp røyret og seier "Hallo?". Det er stilt i andre enden, og Knut gjentek:
- Hallo, dette er Knut, er det nokon der?
- Eg treng å høyra ein slått, vert det sagt, etter ein lengre pause i den andre enden av røyret. -Eg kjenner meg ikkje så bra. Hadde du orka spela noko til meg?. Kanskje no, berre litt, i telefonen?
Knut veit ikkje kven det er som ringjer, men han går ut att i stova si, finn fram fela og attende til der telefonen ligg og ventar, og spelar ein trøystande slått og to til å lyfta seg på for han som ringjer. Knut tek opp att røyret då han er ferdig.
- Stor takk, kjem det frå den som ringjer, og dei legg på

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har mange gonger sagt, med eit glimt av ironi, at bedehusa sluttar i Hardanger der spelemenn, epletre og sideren tek over.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

4 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket