Forlag Samlaget
Utgivelsesår 1987
Format Heftet
ISBN13 9788252130041
EAN 9788252130041
Språk Nynorsk
Sider 71
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDet må vera underleg
å døy om våren.
Å trassa alt som spirer
og veks
og verkeleg gå til grunne
i ein fossande motstraum
av liv.
Lærdom
Å elska
er å vera stille
nesten heile tida
og ha varme hender.
Å elska
er ikkje å vakta,
men å sjå ein annan veg
til rett tid.
Snakk ikkje om ekstasen
når du meiner
kjærleiken.
Dei bur på kvar sin stad
og møtest
sjeldan.
Snakk heller
om å gå til fots
gjennom ti tusen kvardagar
og aldri halda opp
med å vera den rette.
Å elska
er å tenna lys
og tørka tårer,
natt og dag.
Og så tek vi på oss klede
med hender
late av svevn.
Slit i strømper,
trakkar i skor
og ler lydlaust
av eit morgonkyss
som ikkje råkar.
Så til knappane
og glidelåsen,
beltespenna
og skjerfet
og lua
som skal sitja
passe skeivt
på folk som oss.
Aller sist
hektar vi på oss maskene
repeterar
kvardagsreplikkane
og går i gang
med å spela oss sjølve
så godt vi kan.
Eg er sjalu
på genseren din.
Frys du,
er det han du grip etter.
Først.
Lykkelege mann
med paradishage,
seier folk
når alt står i bløming
hos meg
midtsommars.
Eg teier
fordi eg elskar ein orkidé
som aldri vil slå rot
i mi jord.
4 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket