Omtale fra forlaget
I Å bera nakne nyklar skriv Per Helge Genberg sanseleg oglyrisk om livet på garden. Det er ei livshistorie, slektshistorie og ein liten bit av noregshistoria, som mange vil kjenne seg igjen i. I denne lyriske, sjølvbiografiske forteljinga vever Genberg saman guten sine opplevingar med den vaksne mannen si tolking av stad, hendingar og slektningar. Guten og familien hans er bundne til garden, til landskapet, til slekta, til sauene. Boka handlar om desse banda, på godt og vondt. Livet og garden vert skildra som ei vakker gåve, og ei krevjande plikt. Men boka er òg ei forteljing om den etterlengta kjærleiken mannen får oppleve i vaksen alder. Og om kjærleiken til litteraturen, som går og som ein raud tråd gjennom familien, men som vert forløyst med eg-personen i tekstane.
Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han arbeider som byråkrat og bonde, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte med boka Finna kyrkjedøra i meg i 2018.
Familie: mannen Øystein, mor Oddbjørg og sauene Ømjer, Phèdre, Øyfrid, Terna, Eivør, Shabana, Aylar, Wilhelmina, Ragna, Ingeborg, Jakobine og Hrafnheidur.
Forlag Vigmostad Bjørke
Utgivelsesår 2019
Format E-bok
ISBN13 9788241919077
EAN 9788241919077
Serie Sauebonden og dei tre kjærleikane (2)
Genre Biografisk litteratur
Omtalt person Per Helge Genberg
Språk Nynorsk
Sider 64
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket10 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket