2021
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Vare dikt om å finne sin plass i tilværet
I si første diktsamling skriv Siri Økland om dei små observasjonane og vedundera i kvardagen, men ho lèt også dei store linjene mellom generasjonane tre fram. Med eit nært blikk på slekta både før og etter henne skriv ho fram ein idyll der eit mørke lurer, og ei sorg der det også finst lys.
Konkret og lågmælt skriv ho blant anna om slektsgarden, om barndom og familie. Og med same pulsen skriv ho både om døden og framtida, om det mystiske og uavklara - og det åhøyre til.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2019
Format Innbundet
ISBN13 9788234000690
EAN 9788234000690
Språk Nynorsk
Sider 58
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketUNDERSKOT
barnet vårt kjem til verda
utan pust eller vekt
å hjelpa seg med
ein fugleunge
med våte fjører
og vissent nebb
åtvaringa står
skriven i
i linoleumen
dette barnet vil
trenga tilsyn 113
gonger i døgnet
me lærer oss å
telja til 113
og legg på litt
for å vera på
den trygge sida
SKAP
Bestemor la
potteskar
i myra og trudde
dei var borte
for alltid.
Ingen barn
skulle skjera seg,
ingenting vondt
skulle skje.
FORLATA
alle alltid aldri meir halda deg
bety noko meir betrakta mindre
enn det eg kan halda ut det eg
kan er å halda fast fistel
innover kan eg sjå utover
er det meir å sakna
våren vårast vakrast vera
dei mange som set si lit til nytt
liv håpet det grøne håper for meg
som aldri ser meg tilbake berre
ser meg tilbake som om svaret
finst fanst kan finnast
FRED
Bestemor har lært
meg alt om flagget,
korleis det skal brettast,
når det skal opp og
når det skal ned.
Ho heiser det
med andakt,
den unge enka.
Det når aldri bakken,
sjølv om ho firer det aleine.
Ho har opplevd krigen,
veit kva det vil seia
å la flagget kvila.