2009
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka gir ein gjennomgang av ateismen sin 2500 år lange historie, og behandlar temaet både teoretisk og personleg. Med litteraturliste.
Omtale fra forlaget
Boka gir ein gjennomgang av ateismen sin 2500 år lange historie, og behandlar temaet både teoretisk og personleg. Med litteraturliste.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 1996
Format Innbundet
ISBN13 9788252147629
EAN 9788252147629
Språk Nynorsk
Sider 125
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDøden og dødsangsten er ein einsam ting for ein ateist.
I den grad ateistar sluttar seg saman i ei "retning", er det ikkje med utgangspunkt i gudløysa, som sant å seie ikkje opptek dei særleg mykje, men med utgangspunkt i eit felles bilde av verda. Resultatet kan vera ein religion, eller det kan vera ein verdsleg organisasjon. Men det finst ingen universell ateisme som vi kan slutte oss til slik vi kan slutte oss til ein av dei store verdsreligionane.
For fem milliardar år sidan fanst det på Jorda ei ursuppe der det heilt spontant oppstod aminosyrer, purinar og pyramidinar, dei nødvendige byggjesteinane til DNA-molekylet. Dette er så vilt usannsynleg - død materie vart levande! - at det må ha lege ei styring bak. Føremålet må ha vore å få eit eineståande sluttprodukt: oss, mennesket.
Det betyr ikkje noko kva eg trur eller ikkje trur. Ingen ville bry seg. I høgda ville dei mest hissige gudsdyrkarane sjå på meg som ein fortapt liten tosk. I heimlandet mitt blir du forresten lettare håna om du er ein from gudsdyrkar enn om du er ein ateist.
Dette får bli mitt vesle paradoks, at eg ikkje maktar å delta i dette, i det fellesskapet som folka omkring meg trass alt finn i dei kyrkjelege handlingane og ikkje vil vera forutan. Eg maktar heller ikkje å delta i dei kretsane der dei lagar seg verdslege surrogathandlingar som borgarleg dåp og konfirmasjon. Det blir som den første gongen eg besøkte ein vegetarrestaurant og såg at dei serverte soyabiff. Biff! For kjøtt skal det smaka sjølv blant planteetarane.
Nettopp. Religionane mennesket har skapt. Vi kan følgje nesten i detalj korleis religionane har utvikla seg og endra retning og innhald alt etter menneskas behov. Da blir Bertrand Russells
nokså enkle argument mot religionen styrkt, at når dei guddommelege tinga blir styrte etter kva behov vi her nede på jorda tilfeldigvis har, da er det lite sannsynleg at religionane er noko å lite på, anna enn som trøst når livet ellers ikkje er til å halde ut. Nåde den som ikkje har ein religion å tvihalde seg i da.
Jødanes gud var ein stammegud, og andre stammar i nærleiken hadde sin gud. Når ein stamme vart erobra i krig, noko som ofte skjedde, måtte taparane erkjenne at vinnaranes gud måtte vera den sterkaste, altså måtte dei begynne å dyrke han i staden. Dei som ikkje gjorde det, måtte vera toskar og illgjerningsmenn.
Men nettopp det at det "fanst" ein gud eller eit knippe gudar pr. stamme, måtte få enkelte til å tenkje at ettersom den eine eigentleg er like god som den andre, kan det vera det same med dei alle, med andre ord: Ingen av dei finst. Dessutan hadde dei kontakt med andre kulturar, både nære og fjerne, og visste at der dyrka dei atter andre gudar. Dette minner om ei enkel, men viktig innvending den britiske filosofen Bertrand Russell såg mot at religionen kan vera sann: Den som blir fødd i kristent land, blir kristen, mens den som blir fødd i hinduland, blir hindu, osv. Hadde Russell vore fødd i India, ville han ha vore ein hindu, slo han fast. Religionen er tilfeldig, og da kan han ikkje vera sann. Det var dei som kom inn i slike tankebanar, som var toskar og illgjerningsmenn.
Da forskarane våre kasta seg over dei eldste hinduistiske skriftene, vedaene, som stort sett vart skrivne i det andre tusenåret f.Kr., trudde dei at dei stod overfor ein primitiv og naiv religion. Men det stemte ikkje. Vedaene er skrivne av lærde prestepoetar innanfor ein høgt utvikla kultur, og vedatekstane var laga for å bli brukte i religiøse rituelle samanhengar, for eksempel ved offerhandlingar.
Like fullt er det her vi finn dei første uttrykka for det vi kan kalle ateisme.
I hjertet av Rigveda, den eldste av dei fire vedaene, ja, i sjølve skapingshymnen, finn vi denne berømte avslutningssalutten: «Kvar universet kom frå, om det vart skapt eller ikkje, sjå det veit berre Han som bur i dei øvste himlane. Eller kanskje Han ikkje veit det, Han heller.»
Eg har hevda at fellesskapet ofte er ein illusjon, at dei som snakkar høgast om fellesskap, gjer det fordi dei har eigeninteresse av at dei andre trur på dei. Men ser du nærare etter, løyser fellesskapet seg opp i delfellesskap med motstridande interesser. Og ser du nærare på delfellesskapet att, står det til like eins der, osv. Slik smuldrar fellesskapet opp mellom fingrane på deg, til glede for den som nøyer seg med smular.
Også i heimlandet mitt kunne samfunnsfellesskapet finne på å rakne dersom Kyrkja vart borte, same kor glissent det er i benkeradene om søndagene. Slik sett lever også eg i eit fellesskap som er basert på gudstrua. Eller rettare sagt: som er basert på at det finst ein samfunnsinstitusjon der gudstrua blir halden i hevd.