Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 12 sitater

Nettopp. Religionane mennesket har skapt. Vi kan følgje nesten i detalj korleis religionane har utvikla seg og endra retning og innhald alt etter menneskas behov. Da blir Bertrand Russells
nokså enkle argument mot religionen styrkt, at når dei guddommelege tinga blir styrte etter kva behov vi her nede på jorda tilfeldigvis har, da er det lite sannsynleg at religionane er noko å lite på, anna enn som trøst når livet ellers ikkje er til å halde ut. Nåde den som ikkje har ein religion å tvihalde seg i da.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette får bli mitt vesle paradoks, at eg ikkje maktar å delta i dette, i det fellesskapet som folka omkring meg trass alt finn i dei kyrkjelege handlingane og ikkje vil vera forutan. Eg maktar heller ikkje å delta i dei kretsane der dei lagar seg verdslege surrogathandlingar som borgarleg dåp og konfirmasjon. Det blir som den første gongen eg besøkte ein vegetarrestaurant og såg at dei serverte soyabiff. Biff! For kjøtt skal det smaka sjølv blant planteetarane.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det betyr ikkje noko kva eg trur eller ikkje trur. Ingen ville bry seg. I høgda ville dei mest hissige gudsdyrkarane sjå på meg som ein fortapt liten tosk. I heimlandet mitt blir du forresten lettare håna om du er ein from gudsdyrkar enn om du er ein ateist.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Så finst det dei som meiner at mennesket kanskje ikkje står i noka særstilling likevel.
Eit farleg syn!
Må vi gje slepp på særstillinga vår, fell religionen i grus, og det evige livet går tapt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For fem milliardar år sidan fanst det på Jorda ei ursuppe der det heilt spontant oppstod aminosyrer, purinar og pyramidinar, dei nødvendige byggjesteinane til DNA-molekylet. Dette er så vilt usannsynleg - død materie vart levande! - at det må ha lege ei styring bak. Føremålet må ha vore å få eit eineståande sluttprodukt: oss, mennesket.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Også i heimlandet mitt kunne samfunnsfellesskapet finne på å rakne dersom Kyrkja vart borte, same kor glissent det er i benkeradene om søndagene. Slik sett lever også eg i eit fellesskap som er basert på gudstrua. Eller rettare sagt: som er basert på at det finst ein samfunnsinstitusjon der gudstrua blir halden i hevd.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har hevda at fellesskapet ofte er ein illusjon, at dei som snakkar høgast om fellesskap, gjer det fordi dei har eigeninteresse av at dei andre trur på dei. Men ser du nærare etter, løyser fellesskapet seg opp i delfellesskap med motstridande interesser. Og ser du nærare på delfellesskapet att, står det til like eins der, osv. Slik smuldrar fellesskapet opp mellom fingrane på deg, til glede for den som nøyer seg med smular.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Døden og dødsangsten er ein einsam ting for ein ateist.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sankhya meiner at det finst ein urmaterie som ligg til grunn for alt. Denne materien er så finkorna at vi ikkje kan sanse han. Men urmaterien finnast, for bak all rørsle i verda må det vera ei årsak som ikkje sjølv kan førast tilbake til ei enda fjernare årsak. Urmaterien er èin heilskap, han er uendeleg, og han er evig. All utvikling i verda kjem av at sjelene, som også er evige, skaper ubalanse i urmaterien. Systemet treng altså ikkje nokon Gud å forklare verda med.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Da forskarane våre kasta seg over dei eldste hinduistiske skriftene, vedaene, som stort sett vart skrivne i det andre tusenåret f.Kr., trudde dei at dei stod overfor ein primitiv og naiv religion. Men det stemte ikkje. Vedaene er skrivne av lærde prestepoetar innanfor ein høgt utvikla kultur, og vedatekstane var laga for å bli brukte i religiøse rituelle samanhengar, for eksempel ved offerhandlingar.
Like fullt er det her vi finn dei første uttrykka for det vi kan kalle ateisme.
I hjertet av Rigveda, den eldste av dei fire vedaene, ja, i sjølve skapingshymnen, finn vi denne berømte avslutningssalutten: «Kvar universet kom frå, om det vart skapt eller ikkje, sjå det veit berre Han som bur i dei øvste himlane. Eller kanskje Han ikkje veit det, Han heller.»

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KLailaReadninggirl30TanteMamieReidun Anette AugustinChristoffer SmedaasBirkaTor-Arne JensenLeseberta_23Aud- HelenTorill RevheimBenedikteHanne Kvernmo RyeChristin SillibakkentuhamreTrude JensenKirsten LundLars Johann MiljePiippokattaFride LindsethLisbeth Marie UvaagMads Leonard HolvikStig TFindusIngeborg GAkima MontgomeryRoger MartinsenMarteAmanda ABerit B LieKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteBerit RTine SundalBritt Elin