Kunsten å somle

dikt

av (forfatter).

Gyldendal 2015 E-bok

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (7 terningkast.)

13 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Elin Fjellheims eksemplar av Kunsten å somle - dikt

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Dikt, sitater, humor og visdom

Lesedato

2016

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra forlaget

Å opne ei diktsamling av Hans Sande er som å opne ei dør inn mot heile det underlege mangfaldet menneskelivet er. Få meistrar som Sande å balansere det konkret sansa og det fritt fabulerande, i fortetta poetisk form. Slik rommar Kunsten å somle dikt som spenner over eit stort register. Her er vare naturskildringar og fyndige sleivspark, ømme kjærleiksdikt og desperate dikt om kjærleik som brest. Her er barsk humor, sprelske overdrivingar, naken sorg og klok livsinnsikt. Her er dikt som let oss le og bli skaka, dikt til å kjenne seg att i og dikt til å bli djupt forundra over. Vi møter ein diktar som alltid er på leiting etter noko anna og usagt, og som uttrykker ein heftig kjærleik til naturen som myldrar i oss og omkring oss og på trass av oss. Bokmeldarane skriv: "Det er dette opne blikket - ofte i kombinasjon med ein humoristisk tone - som tiltalar ved samlinga. Alt blir inkludert i Sandes magiske univers, og samstundes plassert i eit attkjennande vestlandsk landskap. (...) Her er humor og metafysikk i kombinasjon med ei skarp åtgåingsevne, og viktigast av alt: Sande vil ikkje 'utforske' ei personleg krise eller ulukke, liksom mange norske lyrikarar - han trøystar og lyfter lesaren." Ronny Spaans, Dag og Tid "Hans Sande er ein velsigna uføreseieleg forfattar. (...) Styrken i dikta ligg i at dei rotar til i dei språklege vaneførestillingane og skriv fram oversider og undersider i tilveret ved å kombinere både råskap, villskap og ømheit. Opp mot det vankunnige kunnskapssynet som herskar for tida, der kunnskapane må kunne målast og teljast for å bli rekna som kunnskap, set Sande klokskapen. Han auser i dikta frå kulturens visdomskjelder, frå bibelsoga og mytane." Sindre Ekrheim, Bergens Tidende

Bokdetaljer

Forlag Gyldendal

Utgivelsesår 2015

Format E-bok

ISBN13 9788205487925

EAN 9788205487925

Språk Nynorsk

Sider 60

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

2 3 2 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Somle

Eg hadde gløymt kunsten å somle
gløymt at føtene kunne vingle
og stoppe kor som helst
Eg hadde gløymt ordet velefjør
og at skjora var den vakraste fuglen i verda
med velevipp av grøn smaragd
Eg hadde gløymt å gle meg over bringekista mi
og skatten ho gøymde;
det fredlause hjartet
Gløymt å løfte opp ein framand katt
og stryke kinnet mot den mjuke pelsen
Eg hadde gløymt å gløyme meg bort
Gløymt å gløyme orda
Gløymt

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Deppa

Psykologen min bad meg smile til meg sjølv
minst tre gonger dagleg
Men kvar gong eg prøver
snur hjernen min seg vekk
og ler

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Clair-obscur" av Hans Petter Blad
  • "Eg ser framleis huset du budde i - dikt" av Roberto Garaguso
  • "Eim - dikt" av Margrethe Aas
  • "Skogene - dikt" av Morten Claussen
  • "Soloppgang i Nord - dikt" av Siri Amalie Oftestad
  • "Kåte dikt" av Christian Refsum
  • "Kjærlighetstapene - dikt & aforismer" av Steinar Opstad
  • "Diktene mine vil ikke forandre verden" av Patrizia Cavalli
  • "Vi som er døde - dikt" av Karin Fossum
  • "St. Laurentius' tårer" av Kasper Hoff
  • "Narr - dikt" av Maiken Horn Bolset
  • "Nymånedagene" av Casper André Lugg
Alle bokanbefalinger for dette verket