Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Kristin Fridtun opnar ein ny inngang til kjønnsdebatten ved å gjere arveordet kjønn til granskingsobjekt og springbrett for vidare drøftingar av kjønn, kjønnsnormer og kjønnsidentitet. Boka gir oss verdfull kunnskap om tydings- og brukshistoria til ordet kjønn og røskar i den automatiserte og tidvis krenkjande språkbruken vår.
Kristin Fridtun er sjølv homofil og transperson. Med utgangpunkt i eige liv syner hen korleis den moderne tydinga og bruken av ordet kjønn påverkar og motverkar fridomen til seksuelle
minoritetspersonar.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2015
Format Innbundet
ISBN13 9788252188196
EAN 9788252188196
Språk Nynorsk
Sider 143
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Me har alt selge fast at kjønn ikkje er vant med å verta ransaka. Det er i grunnen underleg: Her har me eit ord som stadig svingar seg i avisspaltene, kommentarfelta, tidsskriftene og bøkene, for ikkje å gløyma fjernsynsmøteromma- og så slepp det så lett unna? Det er så ein i veike augneblinkar fell i tankar om overnaturlige krefter og huldrehatter. Ordet får i alle fall mykje merksemd og inga merksemd på ei og same tid. Det står urørlig midt i kryssilden, men får ikkje så mykje som eit streifsår.