Der vi gøymer løyndommar

dikt

av (forfatter).

Gyldendal 2014 E-bok

Gjennomsnittlig terningkast: 5.25 (4 terningkast.)

20 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Kathleen Rani Hagens eksemplar av Der vi gøymer løyndommar - dikt

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Ingen hylle

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra forlaget

«5480 dagar av livet mitt forsvinn aldri». Dagane det er snakk om, er dei dagane kroppen til dikt-eget var i kamp med seg sjølv, dei dagane spiseforstyrringa styrte tilværet hennar. Dristig og hudlaust skriv Charlotte Riise om erfaringa med bulimi; det skambelagde. Men Der vi gøymer løyndommar er meir enn ei sjukdomshistorie. Det er dikt som med stor poetisk kraft og myndigheit tematiserer konfliktar mellom det indre og det ytre, mellom kropp og tanke, kjærleik og hat. Det handlar om kroppen som språk, som kommunikasjon. Det handlar om å arbeide, i ein prosess, til skamma og frykta for å stole på seg sjølv og andre vert mindre. Heilt til dei 5480 dagane er fortid, sjølv om dei aldri forsvinn. Bokmeldarane meiner: "Riises dikt opererer på eit anna nivå enn sjølvutleverande sjukdomsvedkjenningar som dukkar opp i media. Det gjeld ikkje minst på det språklege planet. Det er finstemt, nake, direkte. Linjene er påfallande metaforfattige og frie for sensasjonelle eksessar og overdrivingar, som jo er eit trekk ved lidinga. Språkmedvitet er nærast asketisk regulert. Eit underliggjande trykk og ein skarp desperasjon er likevel høgst merkbart: 'Å endre forteljinga / med kroppen, det som blei sagt / ligg mellom fingrane i halsen.'" Sindre Ekrheim, Bergens Tidende "Innimellom jegets skildringer av kroppshatet lyser det gjennom et ønske om formidling, en vilje til å la språket dra henne tilbake til livet. Der vi gøymer løyndommar er en erkjennelse av kroppen som et rom man aldri kan forlate. Riise lykkes med å la døren stå på gløtt." Agnes Banach, Klassekampen "Riise er ein poet som gjev alt, og dikta er presise, utan longørar eller klisjear." Tore Elias Hoel, Dag og Tid "Der vi gøymer løyndommar speler fiolin på deg, varsamt, med såre strenger som gir gjenklang i ei gløymd sorg. (...) Samlinga som heile antydar og fortel forsiktig og subtilt. Eg vil seie det til alle: les dikta til Charlotte Riise!" Hjørdis-Linnea Myhre, Framtida.no

Bokdetaljer

Forlag Gyldendal

Utgivelsesår 2014

Format E-bok

ISBN13 9788205462991

EAN 9788205462991

Språk Nynorsk

Sider 73

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 3 0 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Utan å seie noko
begynner eg å pakke
tinga dine. Du ser på meg
frå senga: Eg kan tenkje eg er vakker,
no som eg er ingens.

Du spør ikkje.
Vi er bestandig så like, eg og du.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Frykta for å opphøyre, det eg såg
i forbifarten
får meg til å dokumentere
skrive ned, fotografere, skissere
stå framfor spegelen

leite etter
det i meg
som er tapt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Menneska i byen min
er berre andlet og kroppar
eg ein dag skal forlate.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Planlegg, tenkjer ustanseleg på
reisene eg skal ta, landa eg skal bu i:
Språka eg skal snakke, personane
eg skal bli, liva
eg skal leve.

Stoppar opp ved alle speglar og flater,
eg må vite om
eg framleis eksisterer.
er eg ein person, eit
menneske.

Eg sjekkar om igjen og om igjen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legen ser ikkje på meg da han seier
at det ikkje er meir han kan
gjere, han kan ikkje hjelpe meg.
I posten sender han ei tilvising
til ein psykologspesialist,

einsemda har slått ut
på alle blodprøvane,
det finst ikkje håp.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei rivne i andletet
ditt, eg veit ho er der
utan å sjå.
Vi sit i bilen, stive.

vi veit at
snart skal eg opne døra og gå
opp og ned fire etasjar
med øskjene eg pakka medan du
lét som du ikkje såg.
Snart skal eg fylle bilen med
restane av ho som elska

Det er umogleg
å vere oss: Eg går
i denne trappa for siste gong, står
på det nedre trinnet og er
ei du ikkje veit kven er.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er vert for
endelause rekkjer av skam og skuld. La oss
skjere svolten ut av andletet mitt,
dra han vekk
frå auga, lyfte han av
akslene, e k s p o n e r e

einsemda som har arbeidd lenge.
Skjer ut heile kroppen, eg gir vekk alt.
Det er ein bra ting,

nummenheit er utan næring.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er natt, nesten morgon,
dette er i ei rekkje av mange
der eg flyttar ut
av soverommet. Eg er på innsida av

sjukdommen. Menneska i byen
er stengde, ville eg kjenne nokon.
Eg går sjeldnare ut, det er berre eg
som merkar at eg rotnar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg hadde ikkje tolt det
om du tenkte på andre, seier du.
Du ligg ved sida av meg i senga og
verkar så langt vekke. Vi er som barn
i dette rommet, vi vil
ha eit svar, eit som held.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Gatene og brusteinen, dei små trehusa,
eg stoppar opp og ser inn i
nokon si stue, inn i
refleksjonen av nokon utydeleg.
Eg hugsar det tok år
før eg gjekk meg vill i denne byen: Eg gjekk
alltid den same vegen heim, gjekk aldri
ut av meg sjølv.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Eg og ho eg kunne ha vore" av Marie Lundquist
  • "Den raude staden - eit dikt" av Lars Amund Vaage
  • "Hjertet er ei rabiat bikkje - dikt" av Mira Hussain
  • "Vinteroppskrifter fra kollektivet" av Louise Glück
  • "Kysten - flora og fauna" av Kjetil Bevanger
  • "Ingen av oss er borte - dikt" av Kjell Ivar Sandvik
  • "Skogen åpner lenge før jeg våkner" av Kristian S. Hæggernes
  • "Ho sykla bort - og andre noveller" av Solfrid Sivertsen
  • "Øy, øy" av Caroline Kaspara Palonen
  • "Du er et levende sted - dikt" av Marte Huke
  • "Det er ikke alltid de husker - episk dikt" av Patrizia Vicinelli
  • "Spredte døtre" av Helene Imislund
Alle bokanbefalinger for dette verket