Ingen hylle
2022
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Kjenner du på følelsen av å ikkje eige livet ditt? Tenker du at du må prestere for å ha verdi?
Er du sliten, stressa eller nedfor? Føler du deg innestengd og lurer på kven du eigentleg er?
Mest sannsynleg drøymer du om å leve litt meir.
Då Malene forstod at ho sjølv var den ho sakna mest i livet, laga ho ei liste med 24 livsforsett og begynte å skrive ærleg og ufiltrert om kva som skjedde då ho begynte å leve etter dei. Ved å kaste seg ut i eit prosjekt med mål om å bli glad i seg
sjølv og livet igjen tar ho deg med på ei reise som garantert vil riste liv i deg.
Dette er ikkje endå ei sjølvhjelpsbok som fortel deg at du må ta deg sjølv i nakken eller prestere på eit høgare nivå i kvardagen. Denne boka handlar om å ta kontroll over eige liv, bryte ut av skalet og leve som den du er skapt for å vere.
Forlag Frisk
Utgivelsesår 2022
Format Innbundet
ISBN13 9788284370408
EAN 9788284370408
Genre Personlige beretninger
Omtalt person Malene Vilnes
Språk Nynorsk
Sider 240
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Når den du saknar mest er deg sjøl - 24 råd om å eige livet og finne din indre rebell.
Dette er ei personlig sjølvhjelpsbok som mange vil kunne kjenne seg att i. Kanskje særleg småbarnsmødre!
Malene fortel utan filter om den indre kritikaren, om prestasjonspress og dårleg samvit for å ikkje strekka til på alle livets fronter. Som besøksven for den livsglade pensjonisten Astrid får Malene nye tankar og idear om kva som skal til for å ha det godt i livet. Det er starten på ei utforsking av 24 livsforsett.
Jeg vart veldig engasjert av å lese denne boka. Den vekka mange kjensler hjå meg, eg har ledd, grått og reflektert over liknande sider i mitt liv. Eg kjem til å ta med meg råda til @malenevilnes i søken etter min indre rebell!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket