Ingen lesetilstand
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Rolv Thesen (1896-1966) var ein av landets viktigaste og mest respekterte litteraturformidlarar på 1900-talet. Han var sentral på fleire område, mellom anna som litteraturkritikar og skribent i Arbeiderbladet, forlagskonsulent hos Aschehoug og forfattar av ei rekkje artiklar og bøker. Med Rolv Thesen i sentrum er dette ei bok om det litterære miljøet i Noreg i store delar av det førre hundreåret, i hovudsak basert på Thesens korrespondanse med forfattarar som Hulda Garborg, Olav Duun, Johan Falkberget, Haldis Moren og Tarjei Vessas. Boka inneheld personlege karakteristikkar av brevskrivarane sjølve, av andre forfattarar, av eigne og andre sine bøker og av aktuelle hendingar, samt meir negative sider som sladder, kameraderi og vennetenester. Med litteraturliste og personregister.
Omtale fra forlaget
Med litteraten Rolv Thesen i sentrum er dette ei bok om det litterære livet i Noreg i store delar av det førre hundreåret. Rolv Thesen (1896-?1966) var ein av landets viktigaste og mest respekterte litteraturformidlarar på 1900-talet. Han var sentral på fleire område, mellom anna som litteraturkritikar i Arbeiderbladet i nesten førti år, forlagskonsulent i Aschehoug, litteraturforskar og som medlem av Forfatterforeningens litterære råd frå 1937 til 1963. Han er særleg kjend for trebindsbiografien om Arne Garborg, for bøker om Tore Ørjasæter, Olav Duun og Johan Falkberget, og for sine mange artiklar. Thesens siste store prosjekt var eit fembindsverk, Diktaren og bygda, der han ville setje dikting med emne frå bygdelivet inn i ein sosialpsykologisk samanheng. Han rakk å fullføre tre bind. I tillegg gav han ut tre diktsamlingar under namnet Harald Hamre. Det litterære liv baserer seg på Rolv Thesens mangslungne korrespondanse med forfattarar som Hulda Garborg, Olav Duun, Kristofer Uppdal, Tore Ørjasæter, Johan Falkberget, Inge Krokann, Halldis Moren og Tarjei Vesaas, Aslaug Vaa, Helge Krog, Arthur Omre, Torborg Nedreaas, Ragnvald Skrede, Peter Egge, Martin A. Hansen og mange andre.
Forlag Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår 2006
Format Heftet
ISBN13 9788241904523
EAN 9788241904523
Omtalt tid 1900-tallet
Omtalt sted Norge
Omtalt person Rolv Thesen
Språk Nynorsk
Sider 276
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket