Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Forteljinga synest å følgje draumen sin logikk, og handlar om ei jente sin fantasifulle leik for å halda røynda saman. Historia krinsar mellom ulike lag av røynd og minne. Ei merkeleg verd opnar seg, ei verd som vert ein draum full av perler, hundar og hoppande kaninar. Dette er forfattaren sin debut.
Omtale fra forlaget
Presis og poetisk debutroman. I ei forteljing som synest å fylgja draumen sin logikk, fortel Inger Bråtveit med eit presist, lyrisk språk om ei jente sin fantasifulle leik for å halda røynda saman. Bestefar passar på bestemor. Bestemor syng amerikasongen og minnest berre det som hende for lenge sidan. Slik jenta pendlar mellom foreldra og besteforeldra, krinsar historia mellom ulike lag av røynd og minne. Då er det ei merkeleg verd som opnar seg. Ei verd som vert ein draum full av fjører, hundar og hoppande kaninar. "Ein dag vart døra til rommet hennar stengt. Ein dag kom ein vind og bretta lappen saman. Bestemor gjekk med ein lapp i handa der alt stod . Fuglen seier det er noko han vil fortelja. Fuglen seier han har sterke saker på hjarte og seier det er syster mi det gjeld. Fuglen seier han veit kva eg drøymer og at draumen er falsk. Eg skal tørka vekk den falske draumen din ein gong for alle og fuglen fortell at alt er feil. At draumen eg drøymer er falsk og feil og aldri vert sann." Inger Bråtveit (f. 1978) studerer teatervitskap ved Universitetet i Bergen og er frilansar i Dag og Tid. Ho vart kåra til Årets debutant 2002 av forfatterne.net og vart tildelt Nynorsk litteraturpris 2002 for Munn mot ein frosen fjord. Det har ikkje skjedd før at prisen har gått til ein debutant.
Forlag Tiden
Utgivelsesår 2002
Format Innbundet
ISBN13 9788210047619
EAN 9788210047619
Språk Nynorsk
Sider 122
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Nynorsk litteraturpris 2002
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket