Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
"Du er blitt ein svært vakker ung mann, Asgeir. Gjeve kvinnerkjem til å slåss om deg". Asgeir Åsason er fødd i år 907 og veks opp på øya Bru i Sunnfjord. Ingen veit kven far hans er. Dette er ei stor skam, så medan jamaldringane får reise i viking, lyt Asgeir vere heime og gjere "kvinnfolkarbeid". Vismannen Tormod Frode tek seg av han i løynd, fortel at han er etterkommar av guden Odin, og lærer han både språk og idrettar. Men dette må han halde for seg for seg sjølv til tida er inne. Tida er prega av hard strid mellom landsdelar, kongsemne og krigarflokkar. Dronning Gunnhild, gift med kong Eirik Blodøks, er ei kvinne som får stor innverknad på lagnaden til skosveinen Asgeir. Han oppdagar etter kvart at han har magiske krefter.. Dette er første bok i serien "Odins smykke" som går føre seg i brytningstida då heidendom og åsatru stod mot kristendom og Kvitekrist. Bjarte Sindre (f. 1936) frå Florø er cand.philol. med nordisk hovudfag, pensjonert rektor, lokalhistorikar og har skrive fleire bøker. Dette er den første skjønlitterære boka hans
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2010
Format Innbundet
ISBN13 9788282400305
EAN 9788282400305
Serie Odins smykke (1)
Genre Historisk litteratur
Omtalt tid Vikingtiden
Språk Nynorsk
Sider 223
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Sinnet fylte Asgeir, og det svartna for han. Han spatt opp, treiv bogen, la ei pil på strengen og sikta mellom skuldrene til Trond som rei bortetter stien.