Ingen lesetilstand
Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Ærleg om begjær og sårbarheit.
Mette matchar med M. Han viser straks
interesse, og ho kan ikkje tru at ein som
han ser noko i henne. Når den leikne og
uforpliktande relasjonen på SMS går over
i fysiske møte, aukar denne usikkerheita.
Likevel gir Mette seg heilt over. Ho er
hekta og har ingenting å miste. Sjølv når
M begynner å trekke seg tilbake, tenker
ho at det er no eller aldri.
I «Året har tretten netter» møter vi Mette
gjennom søvnlause netter, i førebuingar
til møte, i analysar av meldingstrådar,
samtaler og eigen veremåte, gjennom
kvardagar der alt dreier seg om M.
«Året har tretten netter» handlar om tillit og
sårbarheit, og om å miste seg sjølv. Det er
ein ærleg og direkte roman om
eit oppslukande, desperat begjær.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2024
Format Innbundet
ISBN13 9788234012204
EAN 9788234012204
Språk Nynorsk
Sider 270
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketM snur på hovudet og ser bort frå skjermen, ut i rommet, og tenker litt. Bakhovudet hans er litt flatt. Ikkje mykje, berre bitte litt, som om noko manglar. Eg blir tatt litt på senga av dette her - at M har ei bakside. Det er jo ingen bilde bakfrå på Tinder-profilen hans. Kan eg ligge med ein som har flatt bakhovud? Eg set meg frampå stolen. Andletsuttrykket hans er som på bilda, sjølsikkert, kanskje uvitande om forma på hovudskallen. Kor ofte ser ein seg sjølv frå sida?