Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Nær og poetisk barndomsskildring.
«Eg stod og heldt hendene for auga. Opna dei, lukka dei, så det lynte og lyste, og fargane kom. Eller eg saup inn lufta og merka luktene. Kjende på ting, og det kitla.
Smaka også, med tunga, som kunne frysa fast i kaldt jern. Eller eg stod der og høyrde slaget frå klokka på storestova. Den som vi kjøpte med pengar etter mortante Ingrid, som mor var så glad i, men som døydde så brått ein sommar. Ein så inderleg fin klang når den klokka slo.»
Heine Bakke blir fødd 3. januar 1939 og veks opp i den vesle bygda Hadlo på Vestlandet. Barndomen hans blir prega av både krig og fred, vonde og gode erfaringar, men det er likevel dei store og små sansingane i kvardagen som gjer størst inntrykk på Heine. Gjennom eit ope og undrande barneblikk teiknar Bjørlykke eit nært og poetisk portrett av ein gut, ein familie og ei vestlandsbygd og gir eit annleis og levande bilete av norsk historie frå 1940- og -50-åra.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2023
Format Innbundet
ISBN13 9788234008429
EAN 9788234008429
Omtalt tid Etterkrigstiden 1939-1945
Språk Nynorsk
Sider 229
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket