2022
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Til rette vedkomande fekk glimrande kritikk da boka vart utgjeven på Island og i Danmark i 2019. I samlingas sju delar oppstår poesien i spenn mellom ljos og mørker, håp og melankoli, humor og alvor, æva og det forgjengelege. Ofte svevar dikta i lufta hos fuglane, men her finst òg plass til det verdslege og konkrete, og til diktarens sosiale engasjement. Dikta er nære, ofte med underfundige glimt av humor, og alltid med eit stort rom for ettertanke. Dette er fyrste gong ei diktsamling av Einar Mar Gudmundsson blir utgjeven på norsk. Einar Már Guðmundsson (f.1954) er bland våre store nordiske forfattarar. Han har skrive romanar, noveller og lyrikk, og han er ein av Islands mest populære og internasjonalt anerkjende forfattarar. I 1995 fekk han Nordisk råds litteraturpris for romanen Universets engler. Til rette vedkomande blei gjeve ut i 2019. Samlinga er gjendikta av Knut Ødegård. Han debuterte som lyrikar i 1967 med Drøymaren, vandraren og kjelda. Sidan har han gjeve ut mange diktsamlingar, blant anna Stephensen-huset og Det blomstra så sinnssjukt. Han har også gjendikta utanlandske dikt til norsk, og hans eigne dikt er gjendikta til fleire språk, 42 i alt. Det siste han har gjeve ut er diktsamlinga Sirkusdirektøren (2019). Nord er Cappelen Damms gjendiktingsserie for dei beste nordiske diktsamlingane i nyare tid.
Forlag Cappelen Damm
Utgivelsesår 2020
Format Innbundet
ISBN13 9788202716325
EAN 9788202716325
Serie Nord
Språk Nynorsk
Sider 101
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEg skal opna hjarta mitt
lik ei bok ingen har lese,
ingen har skrive
ingen utanom natta
som sviv mellom oss
og vrid seg i draum
om eit anna liv, om ei anna verd,
bortanfor grålysinga,
bortanfor grensene,
alle desse strekane
som lett kan gjerast til dikt
som ingen stad byrjar og aldri ender.