Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
«... eg veit at eg alltid har likt det som er slik LA er, spraglete, smektande, motstridande, det som er for mykje, det som ikkje er stilreint, ikkje samanhengande, eit mylder. Det går ikkje an å finne eit punkt der alt starta, det går ikkje opp; dette er berre ein måte å fortelje ei historie på. LA er inga logisk forteljing. Det er derfor eg vil fortelje den.»
Los Angeles er hovudperson i Anna Kleivas første prosabok, som gjennom ulike perspektiv og forteljemåtar forsøker å kartleggje og forstå den oppdelte og sprikande amerikanske byen. Reiseskildringar frå fleire møte med L.A. i perioden 2008-2017 blir i denne boka føydd saman med forteljingar, samtalar, poetiske og essayistiske tekster, og ei viss Angelenas brev til ukjend adressat.
«Echo Mountain» handlar om byen som draum, myte og fiksjon, men også om jakta på kva slags stemmer, historier og realitetar som skjuler seg under den glitrande overflata. Det er ei bok om å ha ein kjærleiksaffære med ein by, om tiltrekking og utstøyting, men også om å betrakte og skildre: Korleis fortelje om det som er skiftande og fullt av motsetningar, som ikkje lèt seg fange eller avgrense?
Anna Kleiva kombinerer forteljande, sansande og essayistisk språk på ein eigenarta måte, og viser byen som natur og konstruksjon, jungel og maskin: «Echo Mountain» er eit flettverk av tekster om byen slik den blir sett frå fjellet, ørkenen, motorvegen eller Downtown, og slik den møter oss i litteratur, poesi, film, folklore og musikk, i kulturen og historia.
Det er ei rik og mangslungen bok, dels inderleg og subjektiv, dels undersøkande og analytisk, tvers igjennom fascinerande og klok.
Boka er illustrert med fotografi av Yngvild Gotaas Torvik.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2018
Format Innbundet
ISBN13 9788249519644
EAN 9788249519644
Omtalt sted Los Angeles
Språk Nynorsk
Sider 331
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketÅ ikkje vite kva du vil ha er ei moderne skam. Du skal vite kva du vil ha, du skal ha eit mål og jobbe mot det. Du skal sikte høgt, du skal ønskje deg det beste. Kun det beste er godt nok. Du veit: Du kan få alt, om du berre vil det nok. Kvifor vil du ikkje ha det du vil ha?
Eg trur ikkje eg treng nokon i heile verda. Eg treng berre å vite at nokon har lyst til å vere saman med meg, ikkje det eigentlege selskapet deira.
Det kulturelle begjæret kjem til uttrykk i mat. Som ein omvend ortoreksi. Eg blir ikkje oppteken av å ete sunt, men av å ete, konsumere, stappe heile jævla byen i kjeften, ein mani, eg har ikkje eingong nemnt korleis eg konsumerer kultur, og eg har enda ikkje begynt å konsumere ting - å shoppe. (Det får meg til å tenkje på kor uløyseleg og ubehageleg nær knytt spiseforstyrringar er til konsum og velstand.)