Anders Hovden

salmar i samling

av (forfatter) og Jan Einar Holsen (redaktør).

Stiftinga Ørsta næringskontor 2015 Innbundet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Jakob Sæthres eksemplar av Anders Hovden - salmar i samling

Lesetilstand

Ingen lesetilstand

Hylle

Kuriosa

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra forlaget

Anders Hovden er ein av dei mest markante salmediktarane som voks opp på 1800-talet. Han vart fødd i Ørsta på Sunnmøre 13. april 1860, for vel 150 år sidan. Då han døydde i 1943, etterlet han seg både salmar, dikt, forteljingsbøker og preikesamlingar. Han hadde det ikkje alltid lett. Det var små kår der han kom frå på 1860-talet. Faren døydde tidleg då Anders berre var 16 år gammal. Studietida i Kristiania var også prega av lange periodar med svolt og små kår. Men han vart etter kvart ferdig med studia sine, og vart prest på Lista, i Krødsherad, Melhus og Østre Toten. Hovden var ein føregangsmann for bruken av nynorsk i kyrkjeleg samaheng, sjølv om dette ikkje alltid var det lettaste. Han var mykje godt likt på dei stadene han var prest. Det var jamvel nokre som ville ha Hovden til å stille som bispekandidat til Nidaros.

Anders Hovden var ein av utgjevarane av Nynorsk Salmebok. Han var også med i komitéen som reviderte Landstads Salmebok. Under dette arbeidet sa Hovden: «Her lyt me fara mykje varsamt fram. Å røra ved salmar er som å røra ved eit fivrelde (sommarfugl). Du kan lett skada det, eller og beintfram drepa det».

Korleis er så denne boka laga? Det er mange måtar å setje saman ei salmebok på. Nynorsk Salmebok, Landstads salmebøker og Norsk Salmebok er ordna tematisk etter kyrkjeåret, gudstenesta og kyrkjelege hovudtema.

Men i denne utgåva av nær sagt alle Anders Hovdens salmar er dette gjort på ein annan måte: Med eitt unntak er salmane ordna i alfabetisk rekkjefylgje: Sist i boka står den siste salmen Hovden skreiv den 25. februar 1943, ni månader før han døydde. Salmen har overskrifta «Bru», og kan stå som ein optimistisk sluttstein for Anders Hovdens salmedikting.

Boka inneheld 388 salmar som Hovden har skrive sjølv eller omsett til nynorsk.

Bokdetaljer

Forlag Stiftinga Ørsta næringskontor

Utgivelsesår 2015

Format Innbundet

ISBN13 9788230329306

EAN 9788230329306

Serie Anders Hovdens salmar (1)

Språk Nynorsk

Sider 416

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket