Omtale fra forlaget
Ved første augekast verkar Løyndomsfuglar som ei vanleg fuglebok, men Helge Torvund leier straks lesaren inn på uventa vegar gjennom visjonar, spontane innfall, folklore, eventyrlege fablar, spesifikke skildringar av unntak, imaginære sanningar og openberre motsetjingar.
‘Patafysikken vart skapt av den franske forfattaren og dramatikaren Alfred Jarry i 1893, og vart definert som «vitskapen om imaginære løysingar». I korte prosastykke bruker Torvund vanleg ornitologi som utgangspunkt for ei overflod av ‘patafysiske observasjonar av verda, tekstar som kan minna om litterære storleikar som Jorge Luis Borges og Italo Calvino.
Boka hentar illustrasjonar frå det klassiske verket Svenska foglar etter naturen och på sten ritade (1917–1929) av Magnus, Wilhelm og Ferdinand von Wright.
Bokdetaljer
Forlag
Solum Bokvennen
Utgivelsesår
2024
Format
Innbundet
ISBN13
9788256029761
EAN
9788256029761
Språk
Nynorsk
Sider
144
Utgave
1