Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Hovlands litterære kanon.
I si nye essaybok plukkar Ragnar Hovland opp tråden frå Kunsten å komme heim og andre essay (2011) og leier oss vidare gjennom sin personlege litterære kanon. Vi får mellom andre møte Arthur Conan Doyle, Stella Gibbons, Torgny Lindgren, Kenneth Grahame, Kjartan Fløgstad, John Steinbeck, Arne Garborg, A.A. Milne og Claes Hylinger. Vi får òg lese meir samfunnsorienterte essay, som den
sterke teksten om Charlie Hebdo, og vi blir vitne til det som kunne blitt eit intervju med Odd W. Surén. Også artisten Nico er å finne i samlinga, og vi får høyre om kunnskapsbøkene som frå tidleg av var viktige for Hovland.
La deg inspirere til å plukke opp dei bøkene du enno ikkje har fått lese - eller dei bøkene du har tenkt du må lese på nytt - etter å ha fått dei levande formidla av Ragnar Hovland, som med denne utgivinga markerer sitt førtiande år som forfattar.
«Det er en fryd a. boltre seg i Ragnar Hovlands tekster», skreiv Jon Øystein Flink (Klassekampen) om den førre essayboka, Kunsten a. komme heim og andre essay.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2019
Format Innbundet
ISBN13 9788252198454
EAN 9788252198454
Språk Nynorsk
Sider 142
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Eg trivst med Hovlands lune, vittige skrivestil. Serleg som når han i denne boka tek for seg bøker, ikkje minst barnelitteratur, som eg sjølv ein gong hadde stor glede av. Dei 19 korte essaya vart til i åra 2011 til 2015, slik at lesaren kan vere sikker på å sleppe unna døgnflugar. Berre «Kunsten å krenke» har ein klar datoreferanse: Angrepet på Charlie Hebdo 7. januar 2015.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketHan er ein kar med ein klar vilje til å melde seg ut, før han i det heile er innmeld. (Om Kjartan Fløgstad)