Svært utfordrande å lese på spansk med den sparsomme spansken eg kan! Men det hjalp å ha den norske omsetjinga som oppslagsbok! Hadde lite kunnskap om Che Guevara på førehand, og vart overraska over kor kunnskapsrik den unge mannen var på det tidspunktet han skreiv motorsykkeldagboka. Che var legestudent då han og studiekammeraten Alberto drog ut på ei reiste rundt i Sør-Amerika, delvis på motorsykkel. Og eg skjønar kvifor Che valde å bli aktivt med i kampen mot kapitalismen utifrå det han ser og opplever på denne reisa, av fattige menneske sine levekår, undertrykte indianarar og gruvearbeidarar sine mangel på rettar. At Che og venen hjalp sjuke menneske og andre i nød på denne reisa, har nok og vore med på å underbyggje heltestatusen hans. Boka gav meg rett og slett meir forståing av denne revolusjonærhelten og hans brennande engasjement for sosial likskap og rettferd. Kvifor dette engasjementet gjekk så langt som til å omfamne kommunismen, er ein annan historie!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Gratulerer! Noko av det fine med språk er at ein alltid kan skjønne noko, utan å ha som krav at ein skal skjønne alt før ein får glede av det. Eg synest at Che hadde ei heilt logisk utvikling - frå å oppleve naud og urettferd til å innsjå at berre djuptgripande endringar kunne betre situasjonen til dei som han i ungdommen byrja å solidarisere seg med. Og filmen er å få på dvd!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for tipset, sjølv om eg er skeptisk til filmatiseringar av bøker:-) litt moro å prøve seg på originalspråket og samstundes trene seg på spansk! Historia om Che og hans revolusjonskamp er svært interessant, og det er eit tankekors at problema beskrive den gongen, på 50-talet, verkar å vere utfordringa i dei Latinamerikanske, Søramerikanske landa i dag og.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kjell F TislevollMonica CarlsenAnniken RøilPiippokattaHarald KHilde H Helsethandreas h. o.Ellen E. MartolHelen SkogBertyBerit RJarmo LarsenTuridmajaTheaEgil StangelandEster SAgnete M. HafskjoldAnneWangAlice NordliTonesen81Jan-Olav SelforsTanteMamieHenrik  Holtvedt AndersenMorten BolstadLisbeth Marie UvaagKirsten LundTine SundalDemeterMargrethe  HaugenEli HagelundGodemineMads Leonard HolvikHilde Merete GjessingVibekeTherese HolmmarithcIreneleserkntschjrldmay britt FagertveitMathias