Samtidig som eg repeterer Ibsens Kejser og Galilæer i "Henrik Ibsens skrifter", har eg lytta til radiotaterversjonen, Keiser og galileer, med Sverre Solberg som keisar Julian. Steinar Berthelsen har vore instruktur, og eg synest at han har skapt ein Julian for vår tid, hadde eg nær sagt, for dette går det verkeleg an å lytte til! Idé- meir enn handlingsdrama, men i denne versjonen skortar det ikkje på dramatikk verken på det indre eller det ytre planet! Arne Barca og Carl Henrik Grøndahl har bearbeidd teksta, noko som vel er nødvendig for å lage radioteater av det enorme stykket, men det er fyrst og fremst Åsmund Fedjes musikk som får fram idékampen. Og Arne Barca er ein slags trollmann med lyd; det har eg sett - eller høyrt! - mange gonger før. Fire fine cd-ar har det vorte, som fint lèt seg bruke som oppvarming til boka! Men éin stad verkar det som om ein av skodespelarane seier "skytterne" i staden for "Skytherne", og det er jo ein viss forskjell på dei to orda - og namnet på gudinna Kybele skal altså uttalast med trykk på den fyrste stavinga ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

FarfalleMarianne MHarald KLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieAlice NordliStig TNerakntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland Skjeggerud