I "Charlotte Isabel Hansen" (Tore Renberg) er det gjort et poeng ut av Adorno-tilhengerne på universitet i Bergen, inkludert Jarle selv. Men jeg får ikke helt tak i hva en Adorno-tilhenger egentlig er opptatt av? Hva mente Adorno og hva er det med Adorno-studenten som gjør at han skiller seg ut? Sjøl studerte jeg realfag og Adorno er helt nytt for meg. Men her inne er det kanskje noen som vet?
Viser 8 svar.
Adorno kritiserer både idealiseringa av kunsten (at kunsten er ein opphøgd veg til innsikt i det sanne og det gode) og det marxistiske kunstsynet (at kunsten ikkje seier nokonting om kva som er sant, men bare gjenspeglar klasseskilnadar). Samtidig kritiserer han det dialektiske historiesynet til Hegel, som er ei forståing av at historien stadig utvikler seg mot noko betre.
Adorno var aktiv på 30-talet og han såg Hitlertyskland vokse. På den eine sida, kan ein seie at Hitler framstod som den perfekte leidar. Han fekk samfunnet til å vokse, fekk sysselsakt folk, det var ei enorm vekst osv. Nazismen var også eit system som overlot tenkinga til dei som styrte og oppløyste grensene mellom politikk og privatliv. Det var ikkje nokon grunn til å tenke sjølv, for systemet tok seg av dette. Dette kan altså vere det perfekte system. Men på den andre sida har dette perfekte systemet ei enorm skyggeside: alle dei som ikkje passar inn, blir reinska bort, anten det er jødar, homoseksuelle eller systemkritiske kunstnarar. Dette bruker Adorno som eit eksempel på det han kallar "den negative dialektikk" (i motsetnad til Hegel sin utviklingsoptimistiske dialektikk). Jakta på det gode samfunn, fører til barbari, og Hitlertyskland er stadfestinga av dette. Det er ei gjensidig avhengigheit mellom individ og samfunn, den einskilde eksisterer i kraft av samfunnet han er ein del av, og samfunnet eksisterer i kraft av dei individa som det består av.
Den negative dialektikken blir ikkje bare brukt om synet på historisk utvikling, men også om tenkinga. For gjennom filosofihistoria har det vore ein tendens til å identifisere begrep med sak og sak med begrep (på samme måten som foholdet mellom individ og samfunn). Filosofihistoria vil ha tingen og begrepet om tingen til å vere identiske. Dette avviser Adorno. Tingen er tingen og begrepet er eit begrep. Dei to er ikkje identiske. Dermed etablerer han begrepet om ikke-identitet, noko som har vore veldig sentralt for utviklinga av seinare, postmoderne teoriar.
For å redde det ikke-identiske, vender Adorno seg mot kunsten (musikk, litteratur og biletkuns), som er ei utfolding av sanninga. Kunsten er ifølgje Adorno formidla gjennom samfunnet og samtidig eit produkt av dei samfunnsmessige konflikane som er aktuelle. Dermed er også kunsten eit sentralt objekt for analyse av samfunnet. Sidan kunsten i seg sjølv ikkje har eit praktisk formål, er han ein ikkje-begrepsleg storleik og dermed er også kunsten den viktigaste kritiske instansen.
Adorno si tenking har vore veldig sentral for vidare tenking og utviklinga av seinare, postmoderne teoriar. Blant litteraturvitskapeleg nerdar, er Adorno (saman med Derrida) ein filosof det er "kult" å kunne namedroppe over ein lunsj, ein gong i ny og ne. Det er liksom som om det å trekke inn Adorno i tide og utide gir ein viss status. Det er eit slikt namn ein kan bruke, for å lire av seg meir eller mindre gjennomtenkte flosklar, og dersom dei rundt ein ikkje forstår kva som blir sagt, våger dei ikkje spørre, fordi dei kjenner seg dumme.
Når eg les om Jarle Klepp i Charlotte Isabell Hansen og om Adorno-fotoet på arbeidsrommet, les eg dette som ei ironisering over den nerdete flinkis-litt.vit.studenten. Fordi Adorno har vore så viktig gjennom siste halvdel av 1900-talet, blir Jarle Klepp si opphenging i han (for meg) eit slags jag etter status og aksept i universitetsmiljøet, på same måte som iveren etter å få trykka bokmeldinga si i Morgenbladet representerer den same strebinga etter aksept i eit miljø. Eg les Jarle som den middelmådige studenten, som så inderleg gjerne vil vere noko meir enn han er, også bruker han Adorno for å forsøke å oppnå ei viss anerkjenning og status frå folk rundt seg. (Eg veit ikkje om dette er ei riktig lesing, men han minner meg om nokre "typer" eg har møtt på Blindern, og det er dette som gir desse assoisiasjonane). Dermed les eg bruken Adorno som ei ironisering over ein stereotyp (og relativt usjølvstendig) litteraturstudent-type.
Jeg skjønner jeg stilte et enkelt spørsmål som det ikke uten videre er enkelt å besvare. Men Bai!; velformulert som alltid! Takk for et utfyllende svar! (Oppfølgingsspørsmålet om "ikke-identitet" i postmodernismen får avklares i Kittangs bok. Kanskje. Kompliserte greier!)
For å forklare det enkelt: "To postmodernister sitter på en bar og starter en krangel. Den ene påstår at den andre er en nazikuk, men den andre gjør ikke noe vesen ut av det, da de begge vet at språket ikke kan beskrive virkeligheten." Ei litt grundigare utgreiing kan komme om omlag 8 timars søvn.
Dét var en forklaring til å bli klok(ere) av - suverent. Det inntrykket du (bai) har av Jarle Klepp, stemmer absolutt overens med det jeg sitter igjen med - men "symbolikken" i Adorno-tilbedelsen hans har altså gått meg hus forbi helt til nå. Så bra å ha noen som kan vise veg - takk bai, takk bokelskere.no, takk Koriander som stilte spørsmålet i utgangspunktet!
Bare hyggeleg å kunne vere til hjelp. Eg har blitt utsett for eit par typar ala Jarle Klepp gjennom studietida.
Sånn elles kan eg anbefale Moderne Litteraturteori av Atle Kittang, dersom ein vil ha ein lett og oversikteleg innføring i Adorno og andre (meir interessante) teoretikarar frå 1900-taler. Der er det mykje bra.
Vet ikke om dette er riktig person men.
Jo, men, det står en del der på Wiki, men likevel står det så lite!
Når det er litt knapt med innhold på norsk wikipedia (bokmål og/eller nynorsk), kan det ofte være lurt å hoppe til en annen språkversjon - finnes det wikipedia-artikler om samme emne på andre språk, vil du se det i venstremenyen på wikipedia. F.eks. står det en lengre epistel om Adornos tankegods i den engelske wp-artikkelen om Adorno. Du kan også sjekke om Store Norske Leksikon (http://www.snl.no/) skulle ha noe om det du er interessert i - ved å søke på "adorno snl" fikk jeg bl.a. treffene snl-artikkel om Adorno og snl-artikkel om nymarxisme...
Og ellers kan jeg ikke noe om temaet, jeg heller - selv om jeg såvidt husker navnet (antagelig) fra ex.phil. på Blindern en gang for ganske lenge siden...