Miguel de Unamuno var mangesidig og samansett. Eit av dei mest kjente skjønnlitterære verka hans er Tres novelas ejemplares y un prólogo frå 1920. Ikkje romanar, akkurat, men heller to noveller og eit lite drama - tittelen er vel sjølvsagt ein allusjon til vår venn Miguel de Cervantes, som òg skreiv eksemplariske noveller. Prologen er, bokstavleg talt, eit kapittel for seg. Her drøfter de Unamuno viktige sider ved litetraturen, og så skriv han altså tre "eksemplariske romanar". Dei handlar alle om alvorlege konfliktar mellom sterke personar. Ikkje så veldig levande, men, på godt og vondt, uttrykk for typiske trekk ved det spanske samfunnet og såleis ein nøkkel til å forstå det slik det var i byrjinga av det førre hundreåret - det samfunnet som borgarkrigen braut ut i. Ganske tørt skrive, skal eg seie det eg meiner, men stilen er nok vald for å passe til miljøa som forfattaren skildrar.

Tidlegare i vår tok eg fly frå München til Bologna, der eg kom over eit eksemplar av Corriere della Sera for 23. mars. Her skriv Matteo Collura ein artikkel i samband med at boka har komme i italiensk omsetjing. Tittelen på artikkelen er "L'autore che unisce realtà e finzione", og det kan det vel absolutt vere noko i, og Collura samanliknar, ikkje utan grunn, de Unamuno med Pirandello.

Miguel de Unamuno er ikkje direkte livleg, men skildrar dramatiske konfliktar og har noko å seie om verda og litteraturen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Hanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødEllen E. MartolSynnøve H HoelKirsten LundPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryHarald KrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn Christinbandini