Jaja, du kan få lov til å ikkje like at eg skal lese ei bok i månaden, frå denne lista ;) Eg les som oftast 4-5 bøker i månaden, så ei bok i månaden er bare litt av det eg les. Og i og med at eg har kjøpt inn veldig mange av desse bøkene, utan at eg har fått lese dei ennå, kan ei bok i månaden frå denne lista, vere ein motivasjon til å lese utav hyllene mine. I alle fall ein 5-års tid framover. Og bare det å få lese ein del av desse bøkene i staden for å stadig lese det nyaste eg kjem over i bloggar og aviser, er motivasjon nok for meg. Men som sagt, du skal få sleppe å vere med, viss du synest dette er eit heilt idiotisk prosjekt -ingen tvang!
Viser 3 svar.
Hehe,
bare en ting til når det gjelder "motivasjon": jeg leste følgende samtale i et annet bokforum- "Jeg har lenge hatt lyst til å lese Bukowski, men mangler motivasjon til å sette igang med å lese ham"- "Hm, jeg trenger motivasjon til å SLUTTE å lese ham"
Jaja. Sånn kan det være iblant.
Det synest jo eg er rart sagt - eg tenker at "å ha lyst til å lese" er motivasjon... (Og kanskje er motivasjon eit av vår tids mest misbrukte omgrep?)
Eg har også lenge hatt lyst til å lese Bukowski, og eg ser han står på lista, så nå får eg kanskje gjort det også ;)
Lykke til med å få gjort det da ;)