Vi har sett at det fyrste bindet om Don Quijote opnar, i tråd med tidas skikk og bruk, med eit brev til ein adelsmann, i dette tilfellet hertugen av Bejar, som boka blir tileigna. Den hertugen var ein reell person, har eg lese, men store delar av teksta har Cervantes faktisk kopiert frå eit anna verk. Så kjem “fortalen”, retta til lesaren, også dette eit kjenneteikn på tida. Ikkje utan grunn alluderer forfattaren her til den store Lope de Vega når han uttalar seg negativt om seg sjølv og boka (mange meiner at de Vega var like stor som Shakespeare, men at han skreiv på “feil” språk). Han legg òg inn sitat frå m.a. Ovid og også frå Bibelen, som jo var på latin den gongen i den katolske kyrkja. Og så finn vi ein samtale med ein venn, og vennen kommenterer dei latinske sitata.

Det er no så. Men Cervantes ber ikkje – etter skikk og bruk – lesaren om å unnskylde dette makkverket, for lesaren er fri, seier han, til å vurdere sjølv. Dette er nye tankar i ei verd som fram til no hadde vore meir guds- enn menneskesentrert! Vidare nemner han andre forfattarar og kjem inn på at romanen “i sin helhet” er “et angrep på ridderromanene”, ein dominerande sjanger på Cervantes’tid.

Dette er, skulle eg tru, noko av hovudpoenget: Cervantes går til åtak på ein sjanger som ikkje lenger svarar til den nye epokens verdiar, og han vil at lesarane skal vurdere verket fritt. Vi er i ei ny tid!

Men det er, ser vi, framleis vanleg å ha med dikt som kommenterer sider ved romanen. Interessant er ein allusjon til Orlandos galskap i Ariostos verk Orlando furioso. Ein artig vri er det fyrste diktet, der linjene ikkje er fullførte.

Eg liker òg diktet som nemner “skjøn Dulcinea av Tobo –“. Her er dikt til Don Quijote, til Dulcinea, til Sancho Panza og også til Rocinante – ja, til og med ein samtale mellom Babicea og Rocinante kan vi lese her; riktig fornøyeleg, er det.

No skal eg vere bortreist nokre dagar, men eg lurer Don Quijote, Sancho Panza og Rocinante med i bagasjen, så får vi håpe det beste for den vidare lesinga …

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 2 svar.

I samtalen mellom Babicea og Rocinante sier Rocinante til slutt:

"Hvor finner jeg, min stakkar, mat og drikke
når husbond' selv og væpner'n med sin vom
er like store øk som Rocinante?"

Fornøyelig, og vel et lite frampek om hva slags roman dette er ....

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ja. Grønvold og Kjær er ikkje borte, dei heller:

"Jeg får ei mat, dessværre." (Es que no como.) / "Så skyld på drangen." (Queajos del escuerdo.) / "Heller vil jeg skrante. (No es bastante.) / "Ri hvortil nytter det min nød at klage, (¿Cómo me hed de quejar en mi dolencia,) / når hushovmesteren og dreng og herre (si el amo y escudero o mayordomo) / er vel så store øk som Rocinante?" (son tan rocines como Rocinante?).

Eg synest at begge versjonane legg seg godt opp til originalen, særleg med tanke på at dette skal rime. Dette med Rocinate skal eg komme tilbake til.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

KristinAnn Helen EalpakkaEster SMorten MüllerHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTore HalsaAnne Berit GrønbechSiv ÅrdalEmil ChristiansenElisabeth SveeKirsten LundAlice NordliChristofferBerit RKjell F TislevollOdd HebækMarianne MEllen E. MartolPiippokattaAnneWangFarfalleMonica CarlsenHeidi LTonje-Elisabeth StørkersenEgil StangelandMarit HøvdeIreneleserFiolingar hAnette Christin MjøsJ FTine SundalPer LundKaramasov11RufsetufsaInge KnoffAkima MontgomeryJane Foss Haugen