Eg liker Siri Hustvedt. Eg liker henne betre og betre jo meir eg les av henne. Eg liker måten ho skriv på og emna ho skriv om. Ho er i ferd med å få status som ein av mine favorittforfattarar.

The Blindfold er boka om Iris Vegan, ei ung student-jente som bur i New York, og hennar vanskelege famling og leiting etter eigen identitet. Boka er delt i fire delar, og kronologien mellom desse fire delane i forhald til kvarandre er tidvis uklar. Eg har prøvd å skrive eit lite samandrag av handlinga i desse fire delane, men det blei så platt, oppramsingsprega og lite vellukka at eg rett og slett hoppar over handlingsreferatet frå denne boka. Eg nøyer meg med å seie at i desse fire delane av boka møter Iris ulike menneske og ulike gjenstander som preger henne på ulike måtar. Identitetsforvirring, kjønnsroller og forhald til dei rundt Iris, pregar forteljinga.

Fleire av 1900-talet sine store filosofiske spørsmål blir tematiserte i denne romanen. I tillegg til spørsmål om kjønn og identitet, blir spørsmål om forhaldet mellom språk og verkelegheit reiste. Iris får i oppdrag å skildre ei rekke gjenstander, og i denne prosessen blir spørsmåla om språket eigentleg strekker til aktualisert. Forhaldet mellom liv og kunst, verkelegheit og fiksjon er eit anna spørsmål som blir reist i boka. Det er fleire episodar der Iris på ulike måtar går inn i eit kunstverk. Fotografvennen George tek eit bilete av henne, som begynner å leve sitt eige liv. Ho møter kunstkritikaren Paris, som ber henne skildre maleriet "Tempest" av Giorgione. Her tek ho plassen til mannen i venstre hjørnet og skildrer biletet frå hans synsvinkel. Seinare kler Iris seg ut i gutteklede og tek samtidig namnet og historia til Klaus, hovudpersonen i ei novelle ho arbeider med å omsetje. Også sjølve forteljarståstaden og skildringa av Iris som ein person med ustabile og upålitelege karaktertrekk, er med på å reise spørsmål om kva som er sant og kva som ikkje er sant, innad i forteljinga. Kan ho fortelje ei sann historie om sitt eige liv, eller er ho - med eit sideblikk til tittelen - "blinda" av sin eigen ståstad?

The Blindfold er ei veldig god bok. Ho er velskriven og rommar veldig mykje. Som sagt: Eg liker Siri Hustvedt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KAnitaKirsten LundNicolai Alexander StyveLesevimsaNinaEivind  VaksvikBritt ElinEgil StangelandAlice NordliPer Åge SerigstadsiljehusmorLene Nordahlingar hTone Maria JonassenSigrid Blytt TøsdalLars Johann MiljeAnita NessBeathe SolbergDemeterBerit RAnn ChristinSynnøve H HoelCamillaMarit AamdallittymseIngebjørgDaffy EnglundFiolIngeborg GElisabeth SveeLilleviHeidiEirin EftevandKjell PAnette SFlettietteMonica CarlsenMads Leonard HolvikPiippokatta