Eg synest Hustvedt får til det å blande intellektualitet og sensualitet på ein mykje betre måte i den andre bøkene sine. Men Sommeren uten menn Blei eg oppriktig skuffa over. Det er som om dei ulike delane ikkje heng heilt saman, og alt bare blir oppstykka og tidvis påtrengande og kaotisk.
Det er mange små historier, både om desse eldre enkene og tenåringsjentene som blir litt halvferdige og amputerte, synest eg. Det er litt synd, for både plottet og alle dei små historiene har potensiale, men det blir ikkje innfridd.
Nei, Siri Hustvedt levde ikkje opp til forventningane mine, denne gongen.
Eg har blogga om boka her.
Viser 4 svar.
Heilt einig med deg! Eg liker vanlegvis Hustvedt veldig godt, men denne synest eg vart for lettvint, nesten platt faktisk innimellom...
Enig med deg, ble også litt skuffet over denne boka, ble litt for mye rot og oppstykking. Satt med en følelse at boka var veldig uferdig.
Tør ikke lese bloggposten din før jeg har skrevet min egen, er så lett påvirkelig, men er enig i din oppsummering av boka. Halveis og dillende.
Det var min første Hustvedbok etter flere år med voksende forventninger så det kan jo hende det ødela litt også. Får finne meg ei ny bok så fort som mulig for å viske ut det dårlige inntrykket.
Eg trur Hustvedt-fanen i meg ville hatt det betre om eg ikkje hadde lese denne boka. Om du skal lese Hustvedt på sitt beste er Det jeg elsket, The Sorrows of an American og The Blindfold svært gode. Eg veit ikkje om eg klarer å seie at ei av desse er den beste, men dei leverer, i motsetning til Sommeren uten menn. Eg synest Sommeren uten menn virkar litt halvferdig, på ein måte.
Men ikkje gi opp Hustvedt etter denne boka. Gi ho ein sjanse til å vise kva ho kan, i ei av dei tidlegare bøkene hennar. For ho kan, verkeleg!