Dette er krimbøker etter mitt hjarte! No har eg lese dei tre første og gler meg allereie (eg las denne tredje ut i går) til den fjerde. Eller - det er vel kanskje rettare å seie "gru-gler" meg - for det er vel slutt etter det fjerde, så vidt eg har skjønt; fire årstider - fire bøker (som Johan Teorin sine om Øland). Men tilbake til innleiinga mi: krim etter mitt hjarte! Ein sympatisk etterforskar for ein gongs skuld, lite eksplisitte forklaringar om morda - det skjer meir i det stille. Dette er bøker eg kosar meg med og ikkje får nærast ubehag av å lese. Eg kjem uansett til å følgje med på kva Ann Cleeves skriv i framtida - om no Shetland-serien er over.

Godt sagt! (1) Varsle

Sist sett

marvikkisInge KnoffLilleviLaddenSynnøve H HoelMads Leonard HolvikJan Arne NygaardgretemorLailaBjørg L.Anne Berit GrønbechSisselCarine OlsrødLene AndresenmarithcAnniken RøilHarald KKirstenLogikaEgil StangelandStig TannelinguaAndreas VillangerBente NogvaINA TORNESingar hRune U. FurbergFrode TangenEvaLinda NyrudPerSpelemannMorten BolstadAkima MontgomeryEllen E. MartolMorten MüllerTonjeMona HagenEivind  VaksvikAgnete M. HafskjoldCecilie Ellefsen