Eit enormt arbeid lyt det ha vore for Odd Arvid Storsveen å skrive denne biografien om Henrik Wergeland. 604 sider blir det før listene over kjelder, notar og register - i alt 754 sider. Storsveen er historikar, og dette er vel styrken hans her: Noko så gjennomført grundig og seriøst på biografifronten trur eg ikkje at eg har lese. Han gir ei nøktern framstilling av Wergelands aktive liv, og han leverer samtidig gode og truverdige tolkingar av dikt og skodespel, ofte på tvers av det andre har skrive tidlegare. Den store styrken er at forfattaren har eit overordna perspektiv som han klarer å halde fast ved gjennom heile boka etter kvart som han set diktaren inn ein sosial og historisk samanheng samtidig som han ser det som var mangelen på stjerner i livet hans som uttrykk for erkjenning av at dei himmelstormande visjonane var vanskelege å nå. Akkurat dette kan vel diskuterast, men Storsveen argumenterer overbevisande for synet sitt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Reidun SvensliPirelliG LLene AndresenKirsten LundSverreBerit RBeate KristinTove Obrestad WøienBeathe SolbergHanne Kvernmo RyeTrude JensenMathildeKristineJulie StensethAnniken RøilMargrethe  HaugenHilde H HelsethHarald KLaila StenbrendenSol SkipnesAkima MontgomeryVidar KruminsLilleviPiippokattaINA TORNESsveinBjørg L.AvaFrode Øglænd  MalminJoakimVibekeIreneleserWenche VargasAnne-Stine Ruud HusevågToveAnneWangFriskusenSigrid Blytt TøsdalStig T