Miskunn og nestekjærleik - nærmare bestemt med den miskunnsame samaritanen som utgangspunkt - var tema for Humanistisk seminar hausten 2009. I denne vesle boka er innlegga samla saman med ein del andre tekster. Innfallsvinkla er ulike, men har likevel mykje felles: Sjølv om vi her kan lese korleis katolikkar, gresk-ortodokse, lutheranarar og andre oppfattar Jesu likning om samaritanen som ikkje gjekk forbi eit anna menneske i naud der nede i vegkanten, samlar dei seg om holdninga til individet, til "den andre", for å nytte eit uttrykk hos Levinas, som jo står sentralt i vår tids filosofidebatt. I liten grad lyfter dei perspektivet opp på samfunnsplanet. Eg ser likevel inga motsetning mellom å handle som samaritanen (bidragsytarane - takk for at svenske og danske tekster får stå i original! - har høgst ulike tolkingar av likninga) på individplanet og arbeide for politiske løysingar på lidingar som skriv seg frå sosioøkonomiske forhold. Eg liker denne boka, tvers igjennom seriøs som ho er, også så mangearta i tilnærminga.