Ei av desse vanlege bøkene med kortfatta - men ofte, i denne samanhengen, nok - informasjon om ein by og med mange og vakre biolete. Og som vanleg: Ingen bilete med regn. Her kan vi lese om og sjå bilete av gammalt (bymuren, Santa María del Mar) og nytt (OL-stadion, fjernsynstårnet) og ikkje minst alt som i Barcelona er signert Gaudí. Ikkje min favoritt, Gaudí, så derfor er inntrykket mitt av byen litt prega av dette. Elles: bomane på Les Rambles, Mirò på Les Rambles, El Palau Nacional, alle plassane - jo, då, Barcelona er verd ei reise, og boka får minnet om byen til å bli ein syntese av verkande føter etter traskinga, bildurane i øyra, den nydelege katalanske maten og altså desse stadene som er fotograferte som dei reinaste idyllar, alle saman.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Vigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MBjørg Marit TinholtJarmo LarsenEllen E. Martol