Nok ein gong har eg vore igjennom "Korset", denne gongen i selskap med opplesaren Rut Tellefsen, den fyrste Kristin på scenen, i dramatiseringa av "Kransen". "Korset" er ikkje mindre dramatisk, men lever førebels berre mellom permar og cd-spor. Når Tellefsen les, får eg tid til å nyte skildringane, setningane og orda - ord som så nøye er utvalde av forfattaren til å skildre hovudpersonens kamp med seg sjølv og livet og til slutt også døden. For ei skildring, for ein rikdom! Til slutt fell alle trådar saman, trådar som Undset har spunne og no til slutt altså vev saman i eit samlande bilete, eit ekko av bror Gunnulfs ordi "Husfrue": Inga synd er så stor at ikkje Guds nåde er større. Dett kan folk ha ulike oppfatningar om, men Undesets kunstnarlege behandling av motivet bør alle bøye seg for.
Viser 8 svar.
Eg har problem med lydbøker, har prøvd og har ei liggande på pc'en no, men nei, eg liker best å lese sjøl. Sigrid Undset er for meg den største av våre norske forfattarar, utan tvil! Har lest Kristin Lavrandsdatter fleire gonger og finn alltid noko nytt i bøkene. Og etter å ha lese fleire biografiar om S. Undset så synes eg at eg forstår ho mykje betre og bøkene hennar vert enda meir interessante.
Hvilken biografi om Undset vil du anbefale?
"Menneskenes hjerter" av Tordis Ørjasæter og "Dikterdronningen" av Sigrun Slapgard er gode begge to. Anbefaler også "Innenfor gjerdet" av Nan Bentzen Skille og "Sigrid Undset og Roma" av Sigrun Slapgard.
Det må bli den jeg har kjøpt selv tenker jeg;
Den beskriver så fint forfatteren, men også mennesket Sigrid Undset. Ser at ikke alle er enig med meg, men jeg synes dette er av de beste biografiene jeg har lest.
Hei annemette og HildeS, eg vil bare si takk for tips om å lese biografien til Tordis Ørjasæter. Eg leste den i sommer og storkoste meg! Velskreven og bra! Eg syns eg ble veldig godt kjent med mennesket Sigrid Undset (for ei dame!) og det ga meg mersmak - eg vil lese flere biografier. Nå leter eg etter en god biografi om Johan Falkberget. Eg ønsker å vite mer om ham da vi er i slekt :o)
Takk for tips !:o)
Då er vi nok einige. Med få unntak bruker eg lydbøker berre der eg kjenner innhaldet frå før. Eg har att nokre verk av Undset - og håper å kunne ta dei til sommaren. Elles har eg oppnådd at "Sigrid Undset Selskapet" har endra namn til det korrekte "Sigrid Undset-selskapet". Ikkje verst å ha skapt ein bindestrek som kjem til å leve etter meg.
Godt jobba, men du må få dei til å endra logoen og. Sjøl om eg har fått med meg at ein tillet slike "krumspring" i logoar av den grunn at det "tek seg finare ut"! Jmf logen til Utdanningsforbundet av alle ting, sjekk denne: