Eg er einig med alle dei som reknar "Ny jord" som langt svakarae enn "Stille Don" (utgåva på borsk (bokmål) er "Stille flyter Don"). Så klart, for sterkare går det jo neppe an å skrive. Der menneska i den fyrste roamserien heilt gjennomført er - ja, nettopp: - menneske, dvs. samansette individ, nlir karakterteikninga i "Ny jord" svakare og mindre nyansert. Handlinga er henta frå dei vanskelege åra i sovjetisk historie, med tvangskollektivisering, utan at dei tragiske sidene ved Stalins politikk er noko hovudtema i serien - naturleg nok.

Her, i det fyrste bindet, er vi i 1930. Innleiinga er så typisk for Sjolokhov; med adjektiv og adverb, med besjeling og personifikasjon, samanlikningar og metaforar. Han kan dette med å kle på skildringane sine!

Raskt kjem vi over til hovudspørsmålet: Nokon lyt sabotere sovjetmakta, nokon lyt gå klassefiendens ærend. Sjolokhov viser diskusjonane, dei interne stridane, kampen for å byggje eit nytt samfunn. Og konflikten går over fire bind med levande skildringar ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

TuridmajaEllen E. MartolTanteMamieHarald KHenrik  Holtvedt AndersenMorten BolstadLisbeth Marie UvaagKirsten LundTine SundalDemeterMargrethe  HaugenEli HagelundGodemineHilde H HelsethMads Leonard HolvikHilde Merete GjessingVibekeTheaTherese HolmmarithcIreneleserkntschjrldmay britt FagertveitMathiasLene AndresenMorten MüllerReidun SvensliMarenJarmo LarsenGrete AastorpLinda RastenAnniken RøilritaolineAnne-Stine Ruud HusevågEirin EftevandEgil StangelandTatiana WesserlingTherese LierIngunn SLisbeth Kingsrud Kvisten