Romanen "Famine" skal vere best - og etter mykje strev har eg fått tak i han, men ikkje fått lese han. Novella "The Sniper" ville kanskje ha vore betre om forfattaren hadde gitt oss eit lite hint om kva som var forholdet mellom dei to snikskyttarane?
Viser 2 svar.
Ja, men samstundes er spenninga heile tida til å ta og kjenne på og klimakset blir jo enno høgare på grunn av tvisten på sluten, eller? Dette er iallfall ei novelle eg har brukt med stort hell for elevar i tiandeklassen.
Skal prøve å få tak i noko av O'Flaherty når eg skal til England til sommaren. Famine og The Assassin skal straks førast opp på ønskjelista. Takk for tips.
Ja, eg har tenkt det same - hintet kunne vi jo ha skjønt etterpå. Kanskje rekk eg å føre opp fleire bøker (sjå under Irland i hyllene mine).