Den irske favorittforfattaren min er Liam O'Flaherty frå Aran-øyane på vestkysten. Han var med i påskeopprøret i 1916 og kjenner både britisk imperialisme og den irske borgarkrigen innanfrå. Som i så mange andre av romanane hans møter vi i "The Assassin" den verknaden som borgarkrigen hadde på enkeltmennesket sitt forhold til seg sjølv, til andre og til samfunnet. Kva ligg bak eit politisk mord? Og kva er følgjene av denne handlinga? Spennande, levande og ikkje minst tankevekkjande er denne romanen der O'Flaherty trengjer inn i personane og motivane deira og set dei inn i ein større samanheng.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Eg har til no berre lest novella The Sniper, men den synst eg er svært god. Les gjerne meir av O'Flaherty, ja!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Romanen "Famine" skal vere best - og etter mykje strev har eg fått tak i han, men ikkje fått lese han. Novella "The Sniper" ville kanskje ha vore betre om forfattaren hadde gitt oss eit lite hint om kva som var forholdet mellom dei to snikskyttarane?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, men samstundes er spenninga heile tida til å ta og kjenne på og klimakset blir jo enno høgare på grunn av tvisten på sluten, eller? Dette er iallfall ei novelle eg har brukt med stort hell for elevar i tiandeklassen.

Skal prøve å få tak i noko av O'Flaherty når eg skal til England til sommaren. Famine og The Assassin skal straks førast opp på ønskjelista. Takk for tips.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, eg har tenkt det same - hintet kunne vi jo ha skjønt etterpå. Kanskje rekk eg å føre opp fleire bøker (sjå under Irland i hyllene mine).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaBeathe SolbergMona AarebrotmarvikkisReidun VærnesTanteMamieLailaKirsten LundIngunn SLabbelineSissel Karlsen FjeldetTarjeiINA TORNESFrode TangenbeaverkriekHilde Merete GjessingTorill RevheimAvarubbelGodemineWenche BrohaugEivind  VaksvikEirin EftevandAgnesLinda LarsenLars MæhlumBenteKjell F TislevollVannflaskeBenedikteMorten BolstadBjørg L.Astrid Terese Bjorland SkjeggerudJulie StensethReidun SvensliEllen E. MartolJoannIngeborg GKine Yun Hoch-NielsenFrisk Nordvest