"De fire store" er eit omgrep som vart utforma av Gyldendal, som var forlaget til Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie. Garborg, Duun, Falkberget og Undset var på Aschehoug, og Skram skreiv om unemnelege emne. Så forlaga styrer tankegangen vår meir enn vi aner. Hamsun var òg på Gyldendal - og den viktigaste inntektskjelda gjennom mange år. Når "de fire store" vart brukt i reklamen fyrste gong, veit eg ikkje; dersom det var etter krigen, kan det hende at det var lurt, med tanke på fortenesta, ikkje å ta med Hamsun. Men dette er berre spekulasjonar. Kanskje var det akkurat epoken der Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie var mest aktive, som Gyldendal konsentrerte seg om; Hamsun tilhøyrer jo generasjonen etter. Eg håper at dette bidraget forklarer litt omkring "de fire store" - sjølv om både du og eg framleis sit att med ein del spørsmål.
Viser 5 svar.
Eg meiner å ha lese at det var knytta til den generasjonen, og at det er derfor Hamsun er halde utanfor. Men eg har ikkje nokre sikre kjeldar å slå i bordet med.
Da er vi vel einige om avgrensinga i epoke. Garborg var jo eit snes år yngre enn desse fire òg, da.
Ja, og Lie har vel ikkje akkurat vore epokegjerande, dersom vi ser kven som framleis blir lesne. Eg har av og til inntrykk av at Lie sine tekstar blir tekne med i lærbøker og antologiar bare fordi han er ein av Ibsen, Kielland, Bjørnson og Lie.
Ja - delvis. Reklametrikket kjem vel òg inn her: Fin rytme i "Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie"! "Hjemmenes Digter" vart han kalla; "Kommandørens Døttre" kan nok enno lesast (men skuldar nok Camilla Collett ganske mye), og "Livsslaven" er eit skoleeksempel (ja, kanskje mest skole-eksempel, ja) på naturalisme. Samtidig har han så fin breidde, med både kritiske realisme, naturalisme og nyromantikk at eg gjerne vil slå eit lite slag for han ...
Eg har bare lese Familien på Gilje og eit utval noveller, og eg er vel strengt tatt ikkje overbegeistra. Men det kan jo hende han har mykje å komme med. Nå er eg ikkje så begeistra for Collett heller, sjølv om eg absolutt ser at ho var viktig i si tid og ettertida. Kanskje eg skal gi Lie ein ny sjanse.