De fire største norske forfatterne er Hamsun, Ibsen, Hamsun og Kielland. Stemmer det? Har bøker av disse forfatterne blitt omtalt på bokelskere.no?

På forhånd takk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 9 svar.

"De fire store" er eit omgrep som vart utforma av Gyldendal, som var forlaget til Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie. Garborg, Duun, Falkberget og Undset var på Aschehoug, og Skram skreiv om unemnelege emne. Så forlaga styrer tankegangen vår meir enn vi aner. Hamsun var òg på Gyldendal - og den viktigaste inntektskjelda gjennom mange år. Når "de fire store" vart brukt i reklamen fyrste gong, veit eg ikkje; dersom det var etter krigen, kan det hende at det var lurt, med tanke på fortenesta, ikkje å ta med Hamsun. Men dette er berre spekulasjonar. Kanskje var det akkurat epoken der Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie var mest aktive, som Gyldendal konsentrerte seg om; Hamsun tilhøyrer jo generasjonen etter. Eg håper at dette bidraget forklarer litt omkring "de fire store" - sjølv om både du og eg framleis sit att med ein del spørsmål.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg meiner å ha lese at det var knytta til den generasjonen, og at det er derfor Hamsun er halde utanfor. Men eg har ikkje nokre sikre kjeldar å slå i bordet med.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Da er vi vel einige om avgrensinga i epoke. Garborg var jo eit snes år yngre enn desse fire òg, da.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, og Lie har vel ikkje akkurat vore epokegjerande, dersom vi ser kven som framleis blir lesne. Eg har av og til inntrykk av at Lie sine tekstar blir tekne med i lærbøker og antologiar bare fordi han er ein av Ibsen, Kielland, Bjørnson og Lie.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja - delvis. Reklametrikket kjem vel òg inn her: Fin rytme i "Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie"! "Hjemmenes Digter" vart han kalla; "Kommandørens Døttre" kan nok enno lesast (men skuldar nok Camilla Collett ganske mye), og "Livsslaven" er eit skoleeksempel (ja, kanskje mest skole-eksempel, ja) på naturalisme. Samtidig har han så fin breidde, med både kritiske realisme, naturalisme og nyromantikk at eg gjerne vil slå eit lite slag for han ...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har bare lese Familien på Gilje og eit utval noveller, og eg er vel strengt tatt ikkje overbegeistra. Men det kan jo hende han har mykje å komme med. Nå er eg ikkje så begeistra for Collett heller, sjølv om eg absolutt ser at ho var viktig i si tid og ettertida. Kanskje eg skal gi Lie ein ny sjanse.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viss du leitar etter diskusjonar om bestemte tema, kan du trykke på fana "diskusjoner" også bruke søkefeltet der - då får du opp lenkar til det som er sagt om desse emna eller i dette tilfellet forfattarane.

"De fire store" er Ibsen, Kielland, Bjørnson og Lie, som AnjaE også skriv. Dette er ikkje eit vedtak om at desse fire er dei viktigaste og største forfattarane i norsk litteratur. Det er snarare eit uttrykk for at desse fire - som jo er samtidige - var store skikkelsar i kulturlivet då dei var aktive og skreiv. Hamsun er mykje seinare, så hold han utanfor.

Det er viktig å hugse på at alle historiske omgrep er konstruert i ettertid av tilbakeskuande historikarar. Derfor er ikkje uttrykk som "dei fire store" eller "realismen" eller "modernismen" absolutte storleikar. Dei er eit resultat av eit forsøk på å systematisere eit uoversikteleg materiale.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

De som har fått tilnavnet de fire store i norsk litteratur er Ibsen, Kielland, Bjørnson og Lie. Mange ønsker å bytte ut en eller flere av disse med Hamsun, siden han i dag leses mer og opptar flere enn de tre sistnevnte.

Av forfatterne du nevner, har både Hamsun og Ibsen blitt omtalt mye i det siste. En gjeng her inne driver og leser seg gjennom Ibsens samlede og diskuterer verkene fortløpende. Om du søker på Ibsen i søkerfeltet, eller leter etter tråder som ligger under de forskjellige verkene, er jeg sikker på at du kommer til å finne mange diskusjoner, både om Ibsen og de andre. Her finner du den ferskeste Ibsen-diskusjonen, om De unges forbund. Lykke til!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jeg skrev visst Hamsun istedenfor Bjørnson.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Turid KjendlieAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenHarald KVibekeEster STore HalsaKirsten LundBjørn SturødCecilie69Per LundSverreTine SundalJane Foss HaugenRandiAMartesiljehusmorEli HagelundAlexandra Maria Gressum-KemppiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterTanteMamieStig TTone HAud Merete RambølSynnøve H HoelBenedikteIna Elisabeth Bøgh VigreBente NogvaGrete AastorpJulie StensethLene AndresenNinaEllen E. MartolElin SkjerengTatiana WesserlingKarin BergKari FredriksenMorten Müller