Eg har på ingen som helst måte ønska å ta til orde for at alt er spikra i objektive sanningar. Eg ønska bare å kommentere dette med at alt er subjektivt. For til ei viss grad er alt subjektivt - eg meiner, eg kan fryse og ein annan kan vere varm i same rommet, sjølv om temperatur er ein objektiv og målbar storleik.
Men eg trur at vi treng eit intersubjektivt meiningsfundament, som seier at noko er sant, som også du er inne på. Og sjølv om ein kanskje ikkje kan spikre objektive sanninger, er det nokre sanningar som er intersubjektive i større grad enn andre. Sjå for eksempel på spørsmålet om korleis mennesket bør leve. Her finn ein alle slags svar, som bygger på ulike menneskesyn - er mennesket eit intelligent dyr, er det det øverste vesenet skapt av Gud, eller er det skapt for å leve livet sitt i lydigheit mot Allah? Sjølv om utgangspunkta er mange, er det mogleg å komme fram til ei intersubjektiv norm, gjennom eit felles fornuftapparat. Vi finn for eksempel "den gyldne regel" formulert frå svært mange utgangspunkt:
Kristendommen: «Du skal elske din neste som deg selv.» Jødedommen: «Gjør ikke mot din neste noe du ville mislike dersom det ble gjort mot deg. Dette er hele loven. Resten er kommentarer.» Islam «Handle ikke urettferdig, og dere skal ikke bli behandlet urettferdig.» (Koranen, 2:279) Hinduismen: «Dette er pliktens sum: gjør aldri mot andre noe som ville volde smerte dersom det ble gjort mot deg.» (Mahabharata, 5:1517) Buddhismen: «Sår ikke andre, for du ønsker ikke selv å bli såret.» (Udana Varga, 5:18) Livssynshumanismen:«Gjør mot andre det du vil at andre skal gjøre mot deg.» Konfusianismen: «Gjør ditt beste for å behandle andre slik du ville ønske å bli behandlet selv.» (Mencius VII. A.4) Immanuel Kant: Man bør handle slik at begrunnelsen for handlingen skal kunne bli gjort til en allmenngyldig lov. (Frå presentasjon om etikk til undervisningsbruk)
Sjølv om utgangspunktet er ulikt her, er det ei slags intersubjektiv eining rundt korleis ein skal leve, som gjer at vi nærmar oss noko som kan likne på ein objektiv regel. Det er på ingen måte vedteke eller absolutt på noko nivå, men likevel nærmar vi oss ein form for objektivitet gjennom å sjå at "alle" religionar og filosofiar kjem fram til det same. Og dermed kan vi seie å ha komme fram til ei sanning som er meir gyldig enn andre sanninger.
Det du skriv om historiefaget er interessant, og vi ser jo ein tendens til at historiane frå krigen blir fortald frå fleire vinklar nå, i det offentlege rom, enn kva dei gjorde då eg gjekk på skulen. Det å lytte til fleire ulike stemmar sine forteljingar om den same opplevinga, trur eg er veldig viktig. Nå kjenner eg ikkje til fagmetodikken her, men eg skjønner godt kva du meiner med eksempla dine. Og eg trur ikkje at ei allmenn vedtatt gjenfortelling av historia kan vere den einate sanne. Det vil alltid vere ulike vinklingar som det er viktig å få med.
Eg ønska som sagt bare å åtvare mot den ekstreme relativismen som følgjer med tanken om at "det som er sant for meg, treng ikkje vere sant for deg". Om vi godtek dette, faller veldig mykje av fundamentet for ei felles forståing av verda bort, og kva skjer då med kommunikasjonen?
Viser 5 svar.
Kjempefine formuleriner. Men vi snakker om kunst - det mest subjektive av alt.Hvis ikke kunst oppfattes subjektivt, hva ellers?
Historie er en litt annen sak.. men den er også et produkt av mennesker. Alt er laget/skrevet av mennesker for mennesker, og da er det alltid et eller annet subjektivt moment, også i historieskriving (noe jeg for øvrig ikke vet noe om :))
Og det at "historiane frå krigen blir fortald frå fleire vinklar nå, i det offentlege rom, enn kva dei gjorde då eg gjekk på skulen", det peker mot total ,nedbrytende relativisme også i historien, og på mange (alle?) områder, en relativisme som da varsler seg sjøl..
Helt enig! Og ønska med mitt svar bare å utdype ditt. Ikke å uttrykke noe form for uenighet:) Var usikker på hvor det var best å poste, men fant ut at du svarte cathy først og jeg kunne fortsette siden jeg deler dine innvendinger i mot absolutt relativisme.
Eg tenkte kanskje eg hadde vore litt uklar, og såg også behovet for utdjupe. Det er eit spennande emne, i alle fall.
Nå er strengt tatt Gud og Allah to sider av samme sak.
I eit religionshistorisk perspektiv er Gud og Allah to sider av same sak, men når vi snakkar om kor vidt det finst ei sanning eller ikkje, vil det ikkje vere irrelevant om ein seier at mi sanning er knytta til Gud eller mi sanning er knytta til Allah. I eksempelet mitt er dette like fullt to ulike svar på spørsmålet om korleis ein skal leve.